Frants Berg

Faktaboks

Frants Berg
Født
1504, Odense, Danmark
Død
2. november 1591, Oslo
Levetid - kommentar
omtrentleg fødselsår

Artikkelstart

Frants Berg var ein dansk-norsk geistleg som mellom anna bygde opp katedralskulen i Oslo.

Bakgrunn

Frants Berg var fødd i Odense i Danmark. Han var son av biletskjerar Claus Berg og far til prest Claus Berg. I 1531 vart han rektor i Odense, i 1540 evangelisk (protestantisk) sokneprest i Ribe, seinare i København. Berg vart påverka av Martin Luthers lære under eit studieopphald i Rostock.

Teologi

Frants Berg var superintendent (biskop) i Oslo og Hamar stift i perioden 1546–1580. Han fekk ei viktig oppgåve med å lære opp eit nytt norsk luthersk presteskap etter reformasjonen, etter at det gamle katolske presteskapet først hadde halde fram. Han bygde opp katedralskulen i Oslo og fekk auka talet på dei som følgde undervisninga, ved å leggje til rette for offentleg støtte for fattige elevar. Humanismen fann innpass her og slo etter kvart ut i full blom. I 1580 fråtredde han embetet til fordel for svigerson sin, Jens Nilssøn, som ein markant humanist. Berg fekk òg oppretta den første bokhandelen i Oslo.

Bispetida til Berg var elles merkt av den nordiske sjuårskrigen (1563–1570), der domkyrkjene i både Hamar og Oslo brann til grunnen. Berg var respektert i Noreg og venn av kong Frederik 2. Portrettet hans finst i Oslo domkyrkje.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg