Artikkelstart
Frank Rossavik er ein norsk journalist, redaktør og forfattar. Biografien om Einar Førde er eit av dei viktigaste og beste arbeida hans, og han blei tildelt Brageprisen for boka.
Frank Rossavik er ein norsk journalist, redaktør og forfattar. Biografien om Einar Førde er eit av dei viktigaste og beste arbeida hans, og han blei tildelt Brageprisen for boka.
Frank Rossavik er statsvitar med bachelorgrad frå Universitetet i Bergen i 1986, og han har mastergrad frå CERIS, Brussel i 2004.
Rossavik var pressesekretær i SV i 1988–1990 og informasjonssjef i Europabevegelsen i Norge i 1992–1995. Han var med på å stifte PR-byrået Gambit i 1995.
Frank Rossavik sin pressekarriere byrja som journalist i Rogalands Avis frå 1987 til 1988, og deretter var han i bladet Tromsø frå 1990 til 1991, Vårt Land frå 1991 til 1992 og Bergens Tidende frå 1996 til 2009. I åra 2001–2005 var han Europa-korrespondent, med base i Brussel, for Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad og Adresseavisen.
Rossavik blei samfunnsredaktør i Morgenbladet i 2009, der var han fast tilsett til 2010. Det året blei han kåra til årets meiningsberar av Oslo Redaktørforening, og i åra etter arbeidde han som frilansjournalist for fleire aviser. I 2012 var Rossavik attende som fast kommentator i Bergens Tidende, og frå 2013 til 2015 var han politisk redaktør, før han i 2016 tok til som utanrikskommentator i Aftenposten.
Han har òg skrive fleire bøker. Biografien om Einar Førde, Stikk i strid. Ein biografi om Einar Førde, kom ut i 2007 og er skriven i ein særmerkt stil som står godt til personen Einar Førde. Boka er prega av alvor og djupn, men er samstundes leiken og lett. Vittige anekdotar er kombinerte med skarpsindige analysar, og biografien gir eit klart bilete av politikaren og kringkastingssjefen, så vel som tida og samfunnet han levde i. Rossavik fekk Brageprisen for boka.
Rossavik har òg blant anna gitt ut bøker om Sosialistisk Venstreparti si historie, om Kåre Valebrokk, om Det republikanske partiet i USA, og om ytringsfridom.
Rossavik var medlem av Kringkastingsrådet frå 2010 til 2015 og har vore styremedlem i Stiftelsen Fritt Ord sidan 2011.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.