Frank Rolland

Faktaboks

Frank Rolland
Født
5. juli 1973, Ulvik i Hardanger, Vestland

Artikkelstart

Frank Rolland er ein hardingfelespelar frå Hardanger og fylkesmusikar i Hordaland.

Bakgrunn

Frank Henrik Rolland er fødd i Ulvik i Hardanger i Hordaland (no Vestland). Han gjekk folkemusikklina ved Fagernes vidaregåande skule. Læraren hans på hardingfele var Knut Hamre, og Rolland har sjølv vore lærar for ei rekkje yngre felespelarar ved musikkskular i Hardanger.

Folkemusikken

I 1996 blei Rolland tilsett som fylkesmusikar i Hordaland, ei stilling der det òg inngår å vere arkivar for Hardanger folkemusikksamling ved Hardanger folkemuseumUtne. Han har ei utstrekt konsertverksemd regionalt, ofte saman med dei to andre fylkesmusikarane, Reidun Horvei og Einar Mjølsnes, og han har spela i A-klassa på landskappleikar sidan 2002.

Saman med Knut Hamre og Åse Teigland utgjer Rolland gruppa Trio Hardanger, som har gitt ut platene Håstadbøslåttar (1999), med slåttar etter Ola Håstadbø, og I Halldors ånd (2003), med slåttar etter Halldor Meland. Vidare står fylkesmusikargruppa Fyhnd, som han er del av, bak plateutgivinga Fyhnd (2008). Saman med Einar Mjølsnes har han òg spela inn plata Nordhordlandsslåttar 2 (2009).

Rolland gav ut den første soloplata si, Hardingfele, i 2008. Til liks med Trio Hardanger-platene fordjupar han seg også her i klassiske slåttar frå Hardanger, som han framfører i presise og nyanserike versjonar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg