Frances Burney

Faktaboks

Frances Burney
Fanny Burney
Madame D'Arblay
Uttale
'bə:ni
Født
13. juni 1752, Lynn Regis (King's Lynn), England
Død
6. januar 1840, Bath, England
Tittelbladet til Evelina (1858)
Lisens: CC BY SA 3.0
Det norske forordet til Evelina
Lisens: CC BY SA 3.0

Artikkelstart

Frances Burney var ein engelsk forfattar, og ein av dei mest kjente og respekterte rundt 1800. Størst suksess hadde ho med romanen Evelina (1778), men ho skreiv fleire andre romanar og ei rad skodespel. I nyare tid har også dagbøkene og breva blitt mykje studert og kommentert.

Bakgrunn

Frances Burney vaks opp i ein talrik familie med mor, deretter stemor, søsken og stesøsken, der også søstera Sarah Harriet blei forfattar, om enn ikkje berømt slik som Frances. Som dotter av organisten og musikkhistorikaren Charles Burney fekk ho ei uformell utdanning gjennom farens store og mangslungne bibliotek.

Familien meinte at Frances var sein med å lese, men til gjengjeld likte ho å skrive frå tiårsalderen. Ho var aldri sett på som spesielt lovande, og faren visste ikkje at ho var forfattaren til Evelina (1778) før etter at han hadde lese dei rosande omtalane boka fekk. Å lese romanar var suspekt, særleg for damer, og å skrive dei var heilt uakseptabelt. Her ligg nok ein viktig grunn til at Frances ikkje sa noko til faren om boka ho hadde skrive.

Det verkar som Charles Burney støtta dottera til ein viss grad, og var stolt over suksessen hennar. Men grensa gjekk ved å få skodespela oppført på teater, det var iallefall ikkje passande for ei dame. Teaterstykka vart difor aldri nokon suksess, og dei fleste er aldri spelt.

Ekteskap

Frances Burney var einsleg då ho skreiv dei to første romanane, men gifta seg som 41-åring (1793) med den franske offiseren og emigranten Alexandre D'Arblay. Året etter fekk dei sitt einaste born, sonen Alexander.

Frances Burney var difor også kjent som Madame D'Arblay i si samtid og seinare. Utover 1900-talet kom derimot bøkene ofte ut med det uformelle kjælenamnet 'Fanny'.

Dagbøker og safunnsomveltning

Under Napoleonskrigane i byrjinga av det nye hundreåret budde familien ein tiårsperiode i Frankrike, der mannen gjorde teneste og vart såra, men etter freden flytta dei til England igjen. Burney skreiv om erfaringane i Waterloo-dagbøkene, som skal ha inspirert William Thackeray i Forfengelighetens Marked.

Burney skreiv dagbøker i heile 72 år etter å ha starta som femtenåring. Dei utgjer difor verdfull dokumentasjon av samtida, saman med breva hennar gjennom eit langt liv. I ein periode var ho tilsett ved hoffet til Dronning Charlotte, og skriv levande om skrekken for å møte den gale Kong George 3. i hagen.

Endå større inntrykk gir skildringa av sin eigen brystkreftoperasjon i Frankrike, der eine brystet vart fjerna utan bedøving.

Romanar

Det har kome fleire utgåver av dagbøkene etter hennar død i 1840, og utover 1900-talet har dei nokre gonger blitt like mykje lest som romanane. Men Burney var, og er, først og fremst ein stor romanforfattar, både i omfang og innverknad. Romanane er tjukke fleirbindsverk, og vart beundra av forfattarar som Samuel Johnson og Jane Austen. Austen tok sannsynlegvis tittelen til Pride and Prejudice frå ei setning mot slutten av Cecilia.

Burney sine romanar var samfunnssatirer, karikaturar og komiske utleveringar av samspelet mellom folk, særleg frå aristokratiet. Dette blir gjerne kalla 'novel of manners', ein sjanger som blir utvikla vidare i Austen sin forfattarskap.

Som titlane viser skreiv Burney om kvinnelege hovudpersonar, og også her har ho inspirert Austen. Burney er ein av dei første som brukar Bildungsroman-sjangeren med ei kvinne i hovudrolla. Og ho skriv om unge kvinner som prøver å finne ut av livet; Evelina er til dømes berre 17 år.

Dei fire romanane er:

  • Evelina (1778)
  • Cecilia (1782)
  • Camilla (1796)
  • The Wanderer (1814)

Omsetjing

Burney har vore mykje omsett til andre språk sidan starten. Alt på 1700-talet kunne romanane lesast på til dømes fransk, nederlandsk, russisk og svensk.

Til norsk vart ho først omsett etter sin død, og berre ein gong. I 1858 gjekk Evelina: eller en ung Piges Indtrædelse i Værden som føljetong i avisa Christiania-Posten. Her får lesarane også eit forord der omsettaren rosar 'den gamle engelske Forfatterinde' for personane, for 'hvor characteristisk hun skildrer sin Tids Mennesker og hvor ægte engelsk hun alltid viser sig ved sit skarpe Blik for det humoristiske'.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Burney, F./Rizzo, Betty (red), The Early Journals and Letters of Fanny Burney, 2002.
  • Burney, F./Sabor, Peter (red.), The Court Journals and Letters of Frances Burney, Oxford: Clarendon Press, 2011.
  • Greenfield, Susan, Mothering Daughters: Novels and the Politics of Family Romance, Frances Burney to Jane Austen, Detroit: Wayne State University Press, 2003.
  • Johnson, Claudia, Equivocal Beings: Politics, Gender and Sentimentality in the 1790s -- Wollstonecraft, Radcliffe, Burney, Austen, Chicago University Press, 1995

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg