Faktaboks

Fram

Fram – eit vikebla for Maalmenn og Bondevenne

Fram 1.7.1871
Fram 1.7.1871
Av .

Fram var eit blad på talemålsprega landsmål som kom ut i Kristiania frå juli 1871 til februar 1874 og var redigert av Olaus Fjørtoft.

Det første nummeret av Fram kom 1. juli 1871 og hadde undertittelen «eit Vikebla for Maalmenn og Bondevenne». Bladet var skipa av Olaus Fjørtoft, som redigerte det dels åleine, dels saman med andre.

Fram til 14. oktober 1871 redigerte Fjørtoft bladet anonymt, deretter vart det gitt ut av det nyskipa «Samlagje Fram» og med Fjørtoft som redaktør. Frå nyttår 1872 kom bladet med undertittelen «Maanas-Skrift te folkeleg Opplysing». Fjørtoft, Oskar Norman Eng, Lars Holst og Hans Jakob Horst var redaktørar.

Etter eit opphald frå byrjinga av 1873 kom bladet på nytt ut som vekeblad frå 20. september 1873 til 24. februar 1874, noko uregelmessig og utan undertittel, no redigert av Fjørtoft og Eng.

Språksynet i bladet

Fram avløyste landsmålsbladet Andvake, som kom ut frå januar 1871 til juni 1871, og som rekna seg som tredje årgangen av Svein Urædd. Andvake, som var redigert av Steinar Schjøtt og Werner Werenskiold, hadde gått bort frå Aasen-normalen og ville skrive meir talemålsnært.

Fjørtoft gjekk vidare på den vegen. Han var den fremste representanten i målreisinga for ortofoni, lydrett skrivemåte, og rådde folk til å skrive det målet dei kjende best, sitt eige bygdemål eller bymål. Så kunne det etter kvart vekse fram ei landsnorm. Sjølv skreiv han tillempa sunnmørsdialekt, med ein del inkonsekvensar. Som ortofonist utelét han stumme konsonantar, som stumme t-ar og d-ar.

Språksynet sitt presenterte han med litt ulike nyansar i fleire nummer av Fram, der han òg kritiserte det meir konservative landsmålet til bergensmålmennene. Endå grundigare gjekk han inn i saka i pamfletten Nokre Or te Bondevenne og Maalmenn, som han gav ut i 1871, og som følgde som vedlegg til andre nummeret av Fram i juli 1871. Her drøftar han korleis bøndene kunne vinnast for målsaka. Bondevenene var ei bonderørsle organisert av Søren Jaabæk.

Eit politisk radikalt blad

Fram var eit langt meir politisk blad enn Andvake og Svein Urædd. Fjørtoft var sosialist, frikyrkjemann, republikanar og var for unionsoppløysing. Bladet hadde artiklar om arbeidarrørsla i Europa, spørsmålet om republikk eller monarki, radikale artiklar om kristendom, stat, kyrkje og skule, og elles omtale av politiske hendingar i inn- og utland.

Fram hadde stundom også oversyn over nye bøker og «blasjaa», omtale av og kommentarar til stoff i andre blad og aviser. Somme artiklar omsette Fjørtoft frå andre språk. Av og til følgde det vedlegg med bladet, mellom anna Jesu talar, Fjørtofts landsmålsomsetjing av Bergpreika i 1871, og utdrag frå Schjøtts Snorre-omsetjing i 1872.

Innimellom prenta Fram dikt. I 1872 trykte bladet såleis den første norske omsetjinga vi kjenner av ein Shakespeare-sonett – sonett nr. 130, i forma noko fritt gjendikta på landsmål av «rs.».

Namnet Fram er seinare brukt på tidsskrift gjevne ut av studentmållag.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Anton Aure: «Dei nynorske bladi. Eit stutt soge-oversyn», i Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Bjørgvin 1923
  • Jarle Bondevik: Og ordet vart nynorsk. Bergen 2003
  • Olaus Fjørtoft: Fram. Skrifter i utval, ved Jostein Mykletun. Bergen 1972
  • Olav Fjørtoft: Olaus J. Fjørtoft. Eit utsyn av livssoga og livsverket hans. Oslo 1921
  • Fram, Kristiania 1871–1873
  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
  • Kristian Ihle Hanto: Ideologiar i norsk målreising. Oslo 1986
  • Stein Ugelvik Larsen: «Fram-kretsen», PaxLeksikon, bd. 2. Oslo 1979
  • Birger Risnes: Olaus Fjørtoft. Biografi og tekstar. Oslo 1985
  • Vemund Skard: Frå Dølen til Fedraheimen. Oslo 1949
  • Kristian Smidt (red.): Sonetter av William Shakespeare. Oslo 1964
  • Arne Torp og Lars S. Vikør: Hovuddrag i norsk språkhistorie, 3. utgåve. Oslo 2008

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg