Frønningen blei i 1651 seld til ein lektor i Bergen, magister Peder Nilssøn Lem. Mor hans eigde ein av nabogardane med sagbruk. Lem utvida deretter eigedommane sine i området. Hans Sørensen Lem blei den første av slekta som busette seg på Frønningen då han flytta hit omkring 1740. Godset blei i slekta Lems eige til 1889, då det blei overteke av Bjarnhard Rumohr, som også hadde tilknyting til Lem-slekta.
Frønningen har sidan tilhøyrd slekta Rumohr, og godset omfattar i dag 62 000 dekar skog. Hovudbygningen er ein stor kvitmåla trebygning i 1 ½ etasje som blei oppført i 1901 av godseigar Bjarnhard Rumohr. Huset har eit H-forma grunnplan, og er dekt av eit valmtak med halvrunde kvister. Bygningen ligg like ved fjorden, med ein terrassert hage ned til denne.
Den kjende norske biletkunstnaren Knut Rumohr (1916–2002) vaks opp og budde på Frønningen, der kunstnarheimen hans framleis er.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.