Faktaboks

Fosna-Folket
Offisielt namn
FOSNA-FOLKET AS
Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Brekstad
Dagleg leiar
Henning Johansen
Styreleiar
Henning Johansen
Logo
Logo
Av .
Fosna-Folket
Dei fyrste åra føregjekk mykje av avisproduksjonen i heimen, men bedrifta vaks snøgt. På biletet frå 1978 er alle dei fire tilsette samla, frå venstre grunnleggar og redaktør Ada Schwabe Einarsen, disponent Jan Einarsen, og journalistene Ivar Eide og Terje Andersen. Både Ada Schwabe Einarsen og mange andre i Bjugn blei forbitra då Adresseavisen flytta redaksjonen til Ørlandet i 1989. Schwabe Einarsen starta opp nær radio for Ørland og Bjugn i 1987 og var redaktør for Radio Fosen, som starta i 1989. Ein periode på 1980-talet representerte Schwabe Einarsen Venstre i kommunestyret.
Fosna-Folket
Av /Aftenposten/Scanpix.

Fosna-Folket er ei lokalavis som kjem ut på Brekstad. Avisa blei grunnlagd i 1964 av Ada Schwabe Einarsen og Jan Einarsen og er eigd av Polaris Media ASA.

Fosna-Folket dekkjer dei fire kommunane Ørland, Indre Fosen, Åfjord og OsenFosenhalvøya i Trøndelag.

Historie

Fosna-Folket var eit familieføretak, skapt av ei kvinne som hadde flytta frå hovudstaden til Ørlandet. Seinare fekk storebror Adresseavisen i Trondheim kontroll over den vellukka lokalavisa.

I 1963 flytta Ada Schwabe Einarsen ut av trengselen i Oslo til Ørlandet. Ho hadde fått arbeid i framhaldsskulen, medan mannen, Jan Einarsen, hadde fått arbeid ved Ørland hovudflystasjon. Ada hadde lærar- og journalistutdanning og tilbaud å skaffe Adresseavisen stoff frå Fosen, ettersom dette syntest å vere mangelvare. Avisa inne i byen var ikkje interessert, og avslaget provoserte Schwabe Einarsen til å etablere avisa Fosna-Folket. Tida inspirerte også til lokal avissatsing, for Fosen var i sterk utvikling.

Ada Schwabe Einarsen var redaktør for eit familieprodukt som den første tida blei til i bustaden på Brekstad. Trykkinga skjedde først i Stjørdalens Blad. Jan Einarsen skaffa militær flytransport for manus, bilete og annonsar dit og fekk ferdige aviser tilbake.

I 1965 fekk avisa eige trykkjeri, i første omgang med ein brukt kontoroffsetmaskin som trykte i A4-format. Fosna-Folket var truleg den første avisa i Trøndelag som blei trykt i offset. Frå 1971 blei formatet tabloid. Avisa dekte kommunane Ørland og Bjugn.

I 1967 flytta familien Einarsen frå Ørlandet til Botngården i Bjugn, og avisa blei med. Både økonomien, utstyret og bemanninga betra seg etter kvart. I 1968 gjekk ein over frå eitt til to nummer i veka. Opplaget låg då på vel 2000. Avisdrifta kravde meir tid, og i 1977 gjekk Jan Einarsen inn som disponent i heil stilling. Då var opplaget passert 3000. I 1978 gjekk avisa over til tre utgåver i veka, og i 1982 passerte opplaget 5000.

I 1985/86 trappa ekteparet Einarsen ned og trekte seg ut av det daglege arbeidet. Adresseavisen var på oppkjøpsrunde av lokalaviser, og det blei til at ekteparet selde til dei i 1989, men heldt att 34 prosent. Likevel greidde dei ikkje å hindre at redaksjonen blei flytta til Brekstad, sjølv om dei førte saka heilt til Høgsterett.

Dei nye eigarane gjorde òg andre grep. Trykkjeriet blei lagt ned og trykkinga overført til ST-Trykk på Orkanger. Det blei kjøpt inn utstyr for produksjon av sidene på dataskjerm, og dei ferdige sidene blei no sende til trykkjeriet over telenettet. Dekningsområdet blei etter kvart utvida til heile Fosen-halvøya, Leksvik medrekna. Fosna-Folket er blitt ei solid lokalavis, som gjennom Adresseavisen er blitt ein del av konsernet Polaris Media.

Opplag

Opplagstall for Fosna-Folket, 1986-2022

1986 5889
1988 5995
1990 6828
1991 7278
1992 7212
1993 7388
1994 7521
1995 7660
1996 7814
1997 7913
1998 7905
1999 7665
2000 7824
2001 7862
2002 7815
2003 7747
2004 7662
2005 7700
2006 7706
2007 7730
2008 7570
2009 7314
2010 7126
2011 6926
2012 6794
2013 6595
2014 6358
2015 5942
2016 5585
2017 5480
2018 6158
2019 6859
2020 7209
2021 7843
2022 7829
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1969 1937
1989 6258
2008 7570
2015 5716
2020 7209

Til og med 2015 gjeld opplagstala for papirutgåva. Frå 2020 blir det brukt netto opplagstal for både digitale abonnement og papirabonnement. Kjelda er opplagstala avisene rapporterer til Mediebedriftenes Landsforening (MBL) for andre halvår.

Fakta

  • Fyrste nr. 24.9.1964.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Fosna-Folket
Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg