Foreldreutvalget for grunnopplæringen er eit nasjonalt rådgjevande organ for Kunnskapsdepartementet i saker som vedkjem samarbeidet mellom skule og heim. FUG vart oppretta i 1976 og er lovheimla i opplæringslova §11-9.

Faktaboks

Også kjend som

FUG

FUG varetar interessene til foreldre/føresette i skulen, arbeider for å styrke foreldra og elevane sin rett til medverknad i skulen og gir rettleiing til tillitsvalde foreldre.

Utvalet vert oppnemnt av Kongen i statsråd for periodar på fire år og er samansett av leiar, nestleiar og fem medlemmer. Medlemmene kjem frå ulike delar av landet og har barn i skulen. Medlemmene skal ha arbeidt aktivt som foreldrerepresentantar på skule- eller kommunenivå. I tillegg har FUG eit sekretariat.

Historie

FUG vart oppretta i 1976 som Foreldreutvalet for grunnskulen. Frå 2009 vart mandatet utvida til også å omfatte den vidaregåande skulen, og namnet blei endra til Foreldreutvalet for grunnopplæringa.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg