Foreldreutvalget for grunnopplæringen (FUG)

Foreldreutvalget for grunnopplæringen / Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er eit nasjonalt rådgjevande organ for Kunnskapsdepartementet i saker som vedkjem samarbeidet mellom skule og heim. FUG vart oppretta i 1976 og er lovheimla i opplæringslova §11-9.

FUG varetar interessene til foreldre/føresette i skulen, arbeider for å styrke foreldra og elevane sin rett til medverknad i skulen og gir rettleiing til tillitsvalde foreldre.

Utvalet vert oppnemnt av Kongen i statsråd for periodar på fire år og er samansett av leiar, nestleiar og fem medlemmer. Medlemmene kjem frå ulike delar av landet og har barn i skulen. Medlemmene skal ha arbeidt aktivt som foreldrerepresentantar på skule- eller kommunenivå. I tillegg har FUG eit sekretariat.

FUG vart oppretta i 1976 som Foreldreutvalet for grunnskulen. Frå 2009 vart mandatet utvida til også å omfatte den vidaregåande skulen, og namnet blei endra til Foreldreutvalet for grunnopplæringa.

 

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.