Avishode til Folkets Framtid
Avishode til Folkets Framtid
Folkets Framtid.

Folkets Framtid var ei vekeavis og hovudorgan for Kristelig Folkeparti frå 1950-åra og utover. Kristeleg Folkeparti blei etablert for seint til å få bygd opp ei stor partipresse, men med KrF sitt gjennombrot med Lars Korvald på 1970-talet fekk avisa opplag på opp mot 15 000 med to utgåver i veka. Folkets framtid blei nedlagt i 2005.

Historie

Egil Aarvik

Egil Aarvik (1912–1990) hadde eit oppsiktsvekkjande livsløp. Etter eit år på folkehøgskule og tre månader på bibelskule byrja den unge trønderen som emissær og sekretær i Indremisjonen. 35 år gamle blei han tilsett som journalist i Dagsavisa i Trondheim, og fekk etter kort tid redaktørtittel. Aarvik var den drivande krafta då Dagsavisa blei til Folkets Framtid og redaksjonen flytta til Oslo. Frå 1958 var han vara til Stortinget, og i 1961 blei Aarvik vald inn som fast representant for KrF, og han var sosialminister i Borten-regjeringa frå 1965 til 1971. I denne perioden hadde han mellom anna ansvaret for innføringa av folketrygda. Egil Aarvik var òg leiar for Nobelkomiteen frå 1982 til han døydde i 1990.

Egil Aarvik
Stortingsarkivet/Scanpix.

Folkets Framtid var opphavleg eit bilag til Dagsavisen i Trondheim. Dagsavisen blei grunnlagd i 1945 som eit «kristelig dagblad», og som Dagen i Bergen og Vårt Land i Oslo var avisa utan noko formell partipolitisk tilknyting. Men etter nokre år erklærte Dagsavisen seg som organ for Kristeleg Folkeparti. Sjølv om avisa etter kort tid oppnådde eit opplag på over 9000, greidde ho aldri å kome på trygg økonomisk grunn, og måtte innstille drifta alt i 1954.

I løpet av denne tida blei det kvar veke også utgitt ei landsdekkjande utgåve av Dagsavisen, der delar av stoffet blei henta frå «moderavisa». Denne vekeavisa fekk namnet Folkets Framtid, og var frå starten av organ for KrF. Det første nummeret blei publisert i desember 1947. Eit lite månadsblad med same namn hadde rett nok eksistert sidan 1946, og må reknast som den første spede byrjinga til KrF si partipresse.

Den riksdekkjande vekeavisa heldt fram med å kome ut etter at Dagsavisen var nedlagd, og fekk etter kvart ein trygg posisjon som hovudorgan for KrF. I 1958 flytta redaksjonen frå Trondheim til Oslo. Den seinare så markante KrF-politikaren Egil Aarvik var redaktør frå starten av og til 1965.

KrF sitt gjennombrot

KrF fekk sitt definitive gjennombrot i 1970-åra, med Lars Korvald som statsminister og med gode resultat ved fleire val. Folkets Framtid tok del i framgangen, og både redaksjonen og abonnentmassen voks. Avisa kom med to utgåver i veka og nådde nesten 15 000 i opplag. Spørsmålet om å gjere Folkets Framtid til dagsavis blei diskutert, men aldri sett ut i livet.

Innhaldsmessig var avisa prega av kampsakene til KrF: abortsaka, nord–sør-spørsmålet, bistandspolitikk, skule, alkoholpolitikk og sosiale spørsmål. Redaksjonen var ikkje utan spelerom for å skrive kritisk om partiet og politikarane, men kunne sjeldan konkurrere på nyhende med den andre pressa.

Partiet legg ned avisa

Lenge heldt opplaget seg på rundt 10 000, men frå slutten av 1990-åra tok det til å minke. I 2004 var abonnenttalet kome under 5000. Då KrF gjorde eit dårleg val i 2005, med etterfølgjande kutt i partistøtta, valde partiet å leggje ned avisa.

Opplag

Opplagstall for Folkets Framtid, 1986-2004

1986 11273
1988 9824
1990 9208
1991 9321
1992 8616
1993 8861
1994 8778
1995 8876
1996 8331
1997 8021
1998 8264
1999 8562
2000 7276
2001 7150
2002 6055
2003 5243
2004 4466
Kilde: medienorge.uib.no
År Opplag
1974 12583
1998 8264
2004 4466

Fakta

  • Fyrste utgåve: 10.12.1947.
  • Siste utgåve: 16.12.2005.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg