Folarskardnuten er ein fjelltopp i Hol kommune i Buskerud fylke, som ligg 1933 meter over havet. Folarskardnuten ligg vest for Folarskardet og er den høgaste toppen i Hallingskarvet og fylket.

Frå toppen er det glimrande utsikt over Hardangervidda. I klarvêr kan ein sjå heilt til Tryvannshøgda i søraust, Gausta i sør, Folgefonna i sørvest, Jostedalsbreen og Jotunheimen i nord og Rondane i nordaust.

Kart

Folarskardnuten
Folarskardnuten
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg