Florvåg er ein tettstad i Askøy kommune i Vestland, på søraustsida av Askøyna. Florvåg, som i 2017 hadde 2024 innbyggjarar, utgjer ein del av Askøy tettstad med i alt 24 300 innbyggjarar (2023).

Staden har stor industri, mellom anna Florvaag Bruk (trevareindustri) og Florvåg Verk (blant anna mekanisk verkstad).

I eit sjøslag ved Florvåg våren 1194 vann kong Sverre Sigurdsson ein avgjerande siger over opprørsflokken øyskjegga.

Første ledd i namnet har truleg samanheng med norrønt flóðr, 'trongt sund, renne', medan siste ledd er 'våg, bukt'. Dette siktar til bukta som blir danna mellom Askøyna og Florvågøyna austafor.

Kart

Florvåg
Florvåg
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg