Fliflet/Hamre
Ole Hamre og Gabriel Fliflet under Vossa Jazz 2011
Av .
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Fliflet/Hamre er ein norsk musikarduo som består av Gabriel Fliflet (trekkspel, song) og Ole Hamre (slagverk, melodika, song). Med bakgrunn i folkemusikk og jazz kryssar Fliflet/Hamre dei fleste musikalske tradisjonsgrenser.

Bakgrunn

Fliflet/Hamre har eksistert som duo med base i Bergen sidan 1991, først under namnet Fliflet/Hamre Energiforsyning fram til 1999. Kvar for seg har dei stått for ei rekkje tingingsverk og musikalske initiativ, og som duo er dei blitt lagde merke til for speleglede og brei musikalitet. Fliflet/Hamre har turnert i inn- og utland, på jazz- og folkemusikkfestivalar.

Varemerket er leikne og vitale musikalske kollasjar av bergensviser, religiøse folketonar, finsk tango, tex-mex, balkanrytmar og mykje meir. Plata Ivar Aasen goes Bulgaria (1994) er representativ for humoren og for tradisjonsblandinga i musikken deira.

Fliflet

Gabriel Fliflet (f. 1958 på Åland) er ein musikar, komponist og songar som spelar trekkspel. Han arbeider med folkemusikk, særleg frå Noreg, Finland, Shetland, Baltikum, Balkan og Amerika. Eit viktig musikalsk kjenneteikn er sjangerblanding over tradisjonsgrensene. Fliflet koplar gjerne kompliserte balkanrytmar med nordiske folketonar, eller jødisk melankoli med tex-mex. På scena utmerkar han seg også med forteljartalent og humor. Han har arbeidd med profilerte folkemusikarar som Sondre Bratland, Berit Opheim, Nils Økland og Ingor Ántte Áilu Gaup.

Hamre

Ole Hamre (f. 1959 i Bergen) er ein perkusjonist, komponist og musikkaktivist som blir lagd merke til for humør, speleglede og originalitet. I tillegg til å spele i Fliflet/Hamre har han samarbeidd med profilar som Bugge Wesseltoft, Kari Bremnes, Ole Paus, Ketil Bjørnstad, Frode Alnæs, Silje Nergaard og Knut Reiersrud. I 2005 starta Hamre prosjektet «Fargespill», som han seinare vidareutvikla saman med songaren Sissel Saue og koreografen Hilde Sol Erdal. Prosjektet der barn frå heile verda medverkar med kultur frå opphavslanda sine, har vore framført ved fleire festspel.

Samarbeid

Samarbeid med framståande musikarar er karakteristisk for Fliflet/Hamre, mellom anna har Odd Nordstoga, Annbjørg Lien og Runar Gudnason (Side Brok) vore gjesteartistar hos dei. Under festivalen Vossa Jazz 1996 stod Fliflet/Hamre for festframsyninga «Energivar» (i samband med 100-årsmarkeringa av Ivar Aasens død), der mellom anna forfattaren Ragnar Hovland, joikaren Ingor Ántte Áilu Gaup, kvedaren Halvor Håkanes og den danske musikaren Peter Bastian var gjester. Hamre introduserte her nyperkusjon ved å spele mellom anna på treski og brunostskiver.

Duoen har òg gitt ut platene Gabriole (1999), der Kari Bremnes og Jan Eggum er med, og på Eine kleine Kraftmusik (2004) er Knut Reiersrud gjest.

I 1996 laga duoen serien «Fliflet/Hamre Kraftakvarium» for NRK, og dei har årleg hatt førjulsarrangementet «Fliflet/Hamre morer julen inn» i Bergen med musikalske gjester.

Utmerkingar

Fliflet fekk Vossa Jazz-prisen i 1994 og Folkelarmprisen som Årets folkemusiker i 2011. Hamre fekk Vossa Jazz-prisen i 1993, Hordaland fylkes kulturarbeidarpris i 2007 og Bergen kommunes kunstnarpris i 2008.

Album

  • Ivar Aasen Goes Bulgaria (1994)
  • Moro Post Mortem – Live (1997
  • Gabriole (1999)
  • Eine kleine Kraftmusik (2004)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg