Fjordingen, dagsavis i Stryn, grunnlagt 1928, kjem ut to gonger i veka. Lokalavis for Stryn og Hornindal, eigd av Polaris Media ASA. Redaktør: Bengt Flaten.
Fjordingen


Historie
Bergensarane Nils Hertzberg og Finn Larsen la hausten 1928 planar for at indre Nordfjord skulle få sitt fyrste trykkeri og avis. Innfjordingen blei fyrst trykt hos Torleiv Bergmanns trykkeri i Bergen, men på nyåret 1929 var Bergmann på plass med trykkeri i Stryn.
Redaktør Hertzberg hadde sympati for Fedrelandslaget og slo fast at Innfjordingen ikkje skulle vere bunde av «smaalige partiinteresser». Avisa skulle også tale indre Nordfjord si sak, men utan at dette samla nokon stor tingarflokk. Eitt år etter var Innfjordingen konkurs, men Bergmann heldt fram og fekk med seg Ingemund Fænn på oppstarten av Fjordingen 4. november 1929. Året etter var det tale om å selje avisa til A-pressa, utan at det blei noko av.
I 1941 blei den NS-tru Bernhard Dippner satt inn som redaktør i Fjordingen, men tidleg i 1942 forsvann både avisa og trykkeriutstyret medan Dippner heldt fram si redaktørgjerning i Hamar Arbeiderblad.
Trykkeriutstyr var mangelvare i dei fyrste fredsåra, men redaktør Erling Bø og Ludvig Berg fekk overtala boktrykkar Thorleif Nilsen frå Oslo til å starte trykkeri i Stryn. 18. desember 1945 kom eit prøvenummer av Fjordingen i 400 eksemplar.
Utan eit politisk parti i ryggen såg det mørkt ut for vidare drift. 17. desember 1948 vurderte generalforsamlinga tilbod frå både Høgre og Arbeidarpartiet. Mange ville helst at avisa skulle vere partilaus, men etter mykje alur og eit «langt, kvasst ordskifte» fekk Høgre tilslaget med 39 mot 8 røyster. Ein kravde at Høgre måtte gje ut bladet på nynorsk to gonger for veka i minst ti år. Etter magre år gjekk det etter kvart framover. I 1966 kunne Fjordingen lage bilete sjølv etter at ho kjøpte Lillehammer Tilskuer si gamle klisjémaskin. I 1972 auka frekvensen frå to til tre utgåver i veka, og to år etter gjekk avisa over til offsettrykk og tabloidformat. Sidan 1986 har redaksjonen skrive stoff rett inn på data.
Fjordingen blei kjøpt heim til Stryn på 1970- og 80-talet og var lokalt eigd då ho blei kjøpt av den Orkla Media-eigde avisa Sunnmørsposten i 2003. Orkla Media blei kjøpt av britiske Mecom i 2006.
Redaksjon og trykkeri har i store delar av etterkrigstida ikkje vore under same tak, og har helde til i eit dusin lokale. I 2010 er redaksjonen i Stryn, medan trykkinga i 2006 blei flytta frå Stryn til Edda Trykk i Ålesund.
Opplag
År | Opplag |
---|---|
1951 | 1875 |
1960 | 2360 |
1970 | 3215 |
1983 | 4188 |
1996 | 4709 |
2008 | 4285 |
2015 | 3609 |
Fakta
- Innfjordingen: 14.9.1928–25.9.1929.
- Fjordingen: fyrste nr. 4.11.1929.
- Førebels siste nr. 31.1.1942.
- Prøvenr. 18.12.1945.
- Fyrste ordinære nr. etter krigen 4.1.1946.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.