Fjordaposten

Artikkelstart

Fjordaposten var ei nynorskavis som kom ut i Bergen frå 1923 til 1940. Avisa var grunnlagd og driven av den fargerike pressemannen og historikaren Albert Joleik frå Florø.

Historie

Fjordaposten hadde undertittelen «For norskt næringsliv og national-demokratisk politikk». Stoffet i avisa var ei blanding av lokale, nasjonale og internasjonale nyhende, med alt frå notisar og lysingar til bokmeldingar og petitartiklar. Albert Joleik var særleg oppteken av landbruk, målsak, forsvar og utanrikspolitikk, men hadde sterke meiningar om det meste og var som regel kritisk til samfunnsmakta. Mange av tekstane hans har ei munnleg framstillingsform og ein fargerik, folkeleg biletbruk. Stundom skilde han ikkje så skarpt mellom fakta og kommentar.

Fjordaposten hadde ein variert lesarkrins. Nedslagsfeltet var først og fremst Vestlandet, men avisa nådde òg ut til lesarar i andre landsdelar. Ho kom ut to gonger i veka frå 1923 til 1925, deretter berre ein gong i veka. Opplaget låg kring 2500.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Joleik, N. (2005): «Albert Joleik – bladstyrar i brytingstid», Pressehistoriske skrifter nr. 4/2005

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg