Artikkelstart
Fjone er ei grend i Nissedal kommune i Vestfold og Telemark fylke, på vestsida av Nisser. Ved Fjone snevrar Nisser inn til eit smalt sund. Det er ei kabelferje for bilar over sundet. På Fjonemoen er det eit gravfelt frå jernalderen. Gravfeltet har ni gravhaugar av etter måten lik storleik, med ein diameter på 15–20 meter, medan høgda varierer meir. I Fjone ligg eit kraftverk med maksimal effekt 50 MW.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.