Otto Calmar
Oslo 12.08.1957: Filmprodusent Otto Calmar. Foto ved plakaten for filmen «Fjols til fjells».
Av /NTB Scanpix.

Fjols til fjells er ein norsk film frå 1957 av Edith Carlmar. Forvekslingskomedien høyrer til dei største suksessane i norsk filmhistorie. Svart-kvitt-filmen finn stad på eit høgfjellshotell styrt av portieren Poppe. Han vert spelt av Leif Juster. Sentral er òg Unni Bernhoft som pikkoloen Rudolf. Det er sistnemnde som syng slageren «Kom til fjells». Både tilsette og gjester spring omkring dei i eit ellevilt virvar. Fjols til fjells har vore påskeinnslagNRK TV mange gonger.

Handling

Rudolf
Unni Bernhoft som pikkoloen Rudolf.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0
Poppe
Filmens enorme suksess skuldast ikkje minst Leif Juster i rolla som portieren Poppe.
Av /Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Snøen ligg idyllisk rundt Hurumhei høgfjellshotell, der fokuset på festivitas og kjendiseri er vel så høgt. Tidleg kjem dotter til hotelldirektøren, Ruth, på hemmeleg inspeksjon. Forkledd som pikkoloen Rudolf søkjer ho å hjelpe Poppe med drifta. Ein populær gjest er den sjarmerande og landskjende Teddy Winter. Han viser seg å ha ein dobbeltgjengar i den meir introverte ornitologen. Kaoset veks og kjenslene er mange. Det står att å sjå kven som endar opp med kven.

Om filmen

Fjols til fjells er Edith Carlmars største suksess og var den mest sette norske filmen i 1950-åra. Han er tufta på lystspelet Bare jatt me'n, som Leif Juster hadde gjort med suksessEdderkoppen Teater i Oslo. Vidare er Fjols til fjells debutfilmen til Liv Ullmann, som hadde ei lita rolle. I 2020 fekk filmen ein oppfølgjar med same namn.

Lengde: 1 time og 36 minutt

Eit utval medverkande

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg