Fjellhaugvatn er eit vatn i Blåelvvassdraget i Kvinnherad kommune, Vestland fylke, sørvest for Folgefonna (sjå Blåelva).
Vatnet er reguleringsmagasin for Blåfalli-Vik kraftstasjon som har ein maskininstallasjon på 230 MW og ein midlare årsproduksjon på 807 GWh (2023); reguleringshøgda er mellom 375 og 345 moh. Blåfalli-Vik er det nedste og største av kraftverka i Blåelvvassdraget.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.