Faktaboks

Offisielt namn
FISKERIBLADET AS
Også kjend som

Fiskeribladet Fiskaren (2008–2017)

Organisasjonstype
Aksjeselskap
Forretningsadresse
Bergen
Stifta
08.08.1930
Dagleg leiar
Øystein Hage
Styreleiar
Amund Djuve

Fiskeribladet logo

Fiskeribladet.

Fiskeribladet er ei avis for kystnæringane som kjem ut i papirformat to gonger i veka, og elles som dagleg oppdatert nettavis. Ved ei omorganisering i 2008 slo dei tidlegare avisene Fiskeribladet og Fiskaren seg saman til Fiskeribladet Fiskaren. Avisa endra namn til Fiskeribladet i 2017.

Avisa har hovedredaksjon i Bergen og journalistar busett fleire stader langs kysten. Fiskeribladet er eigd av DN Media Group. Øystein Hage er ansvarleg redaktør.

Fiskeribladet publiserer nyhende om norsk fiske, havbruk og industri, havmiljø og klima, men òg nyhende knytta til dei andre nordiske landa, Russland og internasjonale sjømatmarknader. I tillegg til Fiskeribladets eiga nettside publiserer avisa aktuelt fiskeristoff på nettstaden 'Kystens'.

Historie

Fiskaren var bladet for fiskerinæringa på Vestlandet, medan Fiskeribladet var dei nordnorske fiskarane sitt organ. Då dei slo seg saman var Fiskeri-Noreg samla til eitt avisrike.

Fiskaren blei etablert i Bergen i 1923 for å arbeide for dei sosiale og økonomiske kåra for fiskarane. I 1927 blei avisa gjort til organ for den nyetablerte fagorganisasjonen Noregs Fiskarlag. Sildesalslaget overtok som hovedaksjonær i 1936, etter at Fiskarlaget gjennom redaktør Harald Wigum i nokre år hadde vore det, og ordninga med kollektivt abonnement for medlemer av Sildesalslaget gav avisa verdfull økonomisk støtte. I mange år var det òg tradisjon at direktøren i Sildesalslaget fungerte som styreformann i avisa. Sildesalslaget henta særleg medlemer frå vestlandskysten, og det var lagsaktiviteten mellom fiskarane frå denne delen av landet avisa rapporterte mest frå.

På grunn av at tyngdepunktet låg på Vestlandet, voks det i andre landsdelar fram behov for alternative avisrøyster. Fiskarlaget gav frå 1945 eit par år ut medlemsbladet Mea. Fiskeriavisa Skagerrak kom året etter på Sørlandet, og straks etter kom Fiskeribladet ut nordpå.

Suksess i Nord-Noreg

Gammelt avishode
Gammelt avishode
Av /Norsk presses historie.
Freder Frederiksen

Fiskeribladets grunnlegger, Freder Frederiksen, hadde en stor arbeidskapasitet, en stor bekjentskapskrets og ble en levende legende både i fiskerikretser og i politiske miljøer. Han var ordfører i Trondenes i to perioder, varaordfører i Harstad i en periode og aktiv fylkespolitiker, med stort antall tillitsverv.

Freder Frederiksen
Av /Norsk presses historie/Universitetsforlaget.

Fiskeribladet blei grunnlagt i 1946 av Freder Fredriksen, med redaksjon i Harstad. Opplaget var oppe i 7000 etter eit halvt års drift, og Fiskeribladet skulle bli den største fiskeriavisa i Norden. Avisa kom ut éin gong i veka, til tida var inne til å auke til to og seinare tre utgjevingar.

I 1950 gjorde Fredriksen ein gullkanta avtale. Partslaget Fiskeribladet blei stifta, med Noregs Råfisklag og Noregs Fiskarlag som kapitalsterke medeigarar. Avtalen innebar at Råfisklaget skulle betale abonnement på Fiskeribladet til alle fiskeskipperar og fiskarlagsleiarar. Ordninga blei seinare utvida til å gjelde alle manntalsførte fiskarar. Det gav eit opplag på omkring 23 000, i ei tid då talet på fiskarar var eit ganske anna enn det blei seinare. Blant folk langs kysten blei Fiskeribladet snart ein institusjon. Trass i den sterke bindinga til fiskarane sine mektige organisasjonar, har redaksjonen ikkje vore redd for å sparke også i den leia, om nødvendig. Fiskeribladet skulle først og fremst vere på parti med den vesle mann når det galdt maktstrukturar. Avisa har ikkje berre rapportert om fiskeria, ho har òg spela ei sentral rolle som meiningsberar innanfor ei næring i dramatisk endring og utvikling det siste halve hundreåret.

Fusjon

Med nedgang i talet på fiskarar og aukande utfordringar frå fleire hald valde Fiskaren og Fiskeribladet i 2008 å fusjonere til Fiskeribladet Fiskaren. Dåverande Norges Handels- og Sjøfartstidende hadde teke over Fiskaren i 1998 og kontrollerer no to tredelar av det nye eigarselskapet gjennom selskapet DN Media Group AS. Havbruk er blitt eit viktig stoffområde ved sida av tradisjonelt fiske.

Fiskeribladet Fiskaren var i 2009 først ute med å ta betalt for innhald på nett, og i 2014 fekk avisa som den første i landet produksjonsstøtte òg for dei digitale utgjevingane.

Avisa endra namn attende til Fiskeribladet i 2017.

Opplag

Opplagstall for Fiskeribladet, 1994-2022

1994 21759
1995 20722
1996 20447
1997 18129
1998 18073
1999 17792
2000 18206
2001 17673
2002 16627
2003 15472
2004 12785
2005 9056
2006 6201
2007 6322
2008 11663
2009 10376
2010 9149
2011 8333
2012 7563
2013 7017
2014 6358
2015 5910
2016 5451
2017 5417
2018 4816
2019 7456
2020 7578
2021 7560
2022 7286
Kilde: medienorge.uib.no (papiropplag til 2014; deretter totalopplag, endring i beregningsmetode fra 2018)
År Opplag
1995 20722
2008 11663
2015 4060
2023 7265 (papir og nett)

Fakta

  • Første nr. 23.1.1946
  • Samanslått med avisa Fiskaren i 2008, endra navn til Fiskeribladet Fiskaren, første nummer 2. april 2008
  • Namn endra til Fiskeribladet, 2017

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Sektorkode
2100 Private aksjeselskaper mv.
Næringskode(r)
58.130 Utgivelse av aviser

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg