Finnmarkingen

Finnmarkingen var eit landsmålsblad i Vadsø i Finnmark som kom ut med to nummer i 1875. Nokre av artiklane var på eit landsmål tilpassa finnmarksmålet.

Historie

Landsmålsbladet Finnmarkingen var skipa av to lærarar i Vadsø, finnmarkingen Karl Akre og sunnmøringen Ananias J. Brune.

Karl E. Akre (1840–1912) var frå Alta og var 1886–1888 stortingsrepresentant for Venstre. Ananias J. Brune (1853–1942) kom frå Volda, var lokalpolitikar og ein kjend læstadiansk forkynnar.

Akre skreiv ein nynorsk tillempa talemålet i Finnmark. Mellom anna nytta han apokopeformer som «Læsaran», «Ordan», «Posthusan». «Bladet nytta finnmarksmålet så lett og ledig som det skulle ha vore skrive i dag», skreiv Per Håland i 1981. Brune skreiv normalnynorsk.

Bladet, som vart det nordlegaste nynorske bladtiltaket, kom ut med to nummer, begge i juli 1875. Kvart nummer var på fire sider.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Anton Aure: «Dei nynorske bladi. Ei stutt soge-yversyn», i Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Bjørgvin 1923
  • Roger Lockertsen: «Nordnorsk målreising 18481945», i Tove Bull og Kjellaug Jetne: Nordnorsk. språkarv og språkforhold i Nord-Noreg. Oslo 1982

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg