Faktaboks

Administrasjonssenter
Judaberg
Fylke
Rogaland
Innbyggjartal
3 150 (2019)
Landareal
103 km²
Høgaste fjell
Bandåsen (514 moh.)
Innbyggjarnamn
finnøybu, finnøing
Kommunenummer
1141 (fram til 2020)

Kommunevåpen

Finnøy

Finnøy. Utsikt over Finnøy med Hesby mellomalderkyrkje til høgre, fotografert av Fjellanger Widerøe. Garden Hesby var i mellomalderen sete for ei mektig lendmannsætt. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.
Kart
Av /Store norske leksikon ※.

Plassering

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Finnøy var ein kommune i Rogaland fylke. Den vart i 2020 ein del av Stavanger kommune, etter å ha vorte slått saman med Rennesøy og Stavanger, i tillegg til den sørvestre delen av øya Ombo av Hjelmeland. Dermed ligg heile Ombo i éin kommune. Samanslåinga var ein del av ei landsomfattande kommunereform.

Finnøy kommune bestod av ei rekkje øyar i Boknafjorden frå og med Sjernarøyane, vestre og nordre del av Ombo i nord, til og med Talgje (Sør-Talgje) og Fogn i sør. Dei største øyane er Ombo (37 av i alt 58 kvadratkilometer høyrde til Finnøy), den eigentlege Finnøy (25 kvadratkilometer) og Fogn (10 kvadratkilometer).

Finnøy kommune vart oppretta i samband med innføringa av det kommunale sjølvstyret i 1837. Ein mindre del av kommunen med 72 innbyggjarar, Hanasand på øya Rennesøy, vart i 1918 overført til Rennesøy. I 1965 vart den tidlegare kommunen Sjernarøy slått saman med Finnøy. Samtidig vart Jelsa sin del av Ombo (bortsett frå Buer-gardane) lagt til Finnøy, likeins øyane Halsnøy (Halsne), Bokn og Byre i tidlegare Fister kommune.

Natur

Berggrunnen høyrer til Kaledonidane og er for det meste samansett av omdanna kambrosiluriske skifrar, dels grønnskifer (omdanna skifer- og lavabergartar). Skifrane forvitrar lett og gir god dyrkingsjord. Skogen er stort sett lauvskog med ein del planta gran, og på Ombo er det naturleg furuskog.

Terrenget er flatt, berre to av øyane når høgare enn 200 moh. Det høgaste punktet er Bandåsen, 515 moh. Det er mange hytter i kommunen, og om sommaren er her like mange ferierande som fastbuande.

Busetnad

Av den tidlegare kommunen sine i alt 157 øyar har 17 fast busetjing, der rundt 60 prosent av dei busette i kommunen på Finnøy og 10 prosent på Fogn. Einaste tettstad i den tidlegare kommunen var Judaberg, som i 2021 hadde 862 innbyggjarar.

Den tidlegare kommunen hadde ein sterk befolkningsvekst etter opninga av Finnøy sitt fastlandssamband Finnfast i 2009.

Næringsliv

Primærnæringane er viktigaste næringsveg, med 28 prosent av arbeidsplassane i kommunen. Dette var den største delen i denne næringa blant kommunane i Rogaland før kommunereforma i 2020.

Jordbruket i Finnøy er ikkje minst kjent for grønnsakdyrking og har til dømes meir enn 1/3 av tomatarealet i landet under glas. I tillegg har Finnøy mykje frukt- og bærdyrking og eit variert husdyrhald, særleg storfe og høns. Finnøy har fleire fiskeoppdrettsanlegg.

Industrien er relativt beskjeden, og det meste er knytt til jordbruket. Viktigast etter sysselsetjinga er næringsmiddelindustri, gummi-, plast- og mineralsk industri, samt maskinindustri.

Samferdsel

Judaberg har stopp for hurtigbåtruta StavangerNedstrandSauda. Øyene Finnøy og Søndre Talgje har sidan 2009 hatt fastlandssamband ved undersjøiske tunnelar til Rennesøy (Finnfast; fylkesveg 519), og med bruer og tunnelar derifrå til fastlandet i Randaberg nord for Stavanger (Rennfast på E39).

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Finnøy høyrde til Sør-Vest politidistrikt, Stavanger tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen var med i regionrådet Ryfylke regionråd saman med Forsand, Hjelmeland, Sauda, Strand og Suldal.

Finnøy kommune svarte til dei tre sokna Hesby, Sjernarøy og Talgje i Tungenes prosti (Stavanger bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Finnøy til Ryfylke fogderi i Stavanger amt.

Historikk og kultur

Det er gjort mange funne frå forhistorisk tid, mellom anna 10 600 år gamle beinrestar av isbjørn. I mellomalderen var gardane Hesby på Finnøy og Gard på Søndre Talgje sete for mektige lendmannsætter. Den tidlegare kommunen har to mellomalderkyrkjer i romansk stil i stein, Hesby (Finnøy) kyrkje, og Talgje kyrkje, bygd høvesvis midt på 1200-talet og midt på 1100-talet. Sjernarøy kyrkje på Kyrkjøy er ei renessansekyrkje i tømmer frå 1636.

På prestegarden på Finnøy vart matematikaren Niels Henrik Abel fødd i 1802, og på Kyrkjøy vart forfattaren Alfred Hauge fødd i 1915. Det er sett opp eit minnesmerke for Hauge ved Sjernarøy kyrkje.

Øyposten er lokalavis for Finnøy og for dei andre øyane i Ryfylke. Hovudkontoret ligg i Judaberg. Avisa kjem ut ein gong i veka og vert redigert på nynorsk.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1983) hadde ei sølvvinga pil på skrå oppover mot ein blå bakgrunn. Dette er henta frå Hestbø- eller Hesbyætten sitt stamvåpen.

Namnet er truleg samansett av mannsnamnet Finni og øy.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørkvik, Halvard: Finnøy: gard og ætt, 1993–2006, 5 b.
  • Finnøy herad i hundre år 1837–1937, 1937

Kommentarar (3)

skreiv Jonas Jørstad

Er overflytta frå Søre Ryfylke prosti til Tungenes prosti, for nokre år sidan.Er overflytta frå Ryfylke tingrett til Stavanger tingrett nå nylig.Namneformen "Søndre Talgje" er kanskje litt tung. Eg vil føreslå "Sør-Talgje" - men påtroppande fagansvarlig for Finnøy bur på den øya, så dette har han greie på.

skreiv Geir Thorsnæs

Norgeskart.no har navnet Nord-Talgje på den nordre og "bare" Talgje på den søndre av de to Talgje-øyene.

svarte Kristine Magnesen

Hei. Øya har har to godkjente navn Talgje og Sør-Talgje.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg