Ferdamannen var eit vekeblad skipa av Henrik Krohn i 1865. Bladet kom ut i vel to år og var det første bladet på landsmål etter Dølen.
Første nummeret av Ferdamannen kom ut i Bergen 14. oktober 1865, det siste kom 4. januar 1868. Bladet var skipa av Henrik Krohn, som var både redaktør og utgivar, og som òg skreiv mykje av stoffet. Kvart nummer var som regel på fire A4-sider, og bladet kom ut på laurdagar. Stundom kom det dobbeltnummer med to vekers mellomrom.
Bladet hadde undertittelen «Eit Vikoblad aat Aalmugen» og var det første målbladet som vende seg til eit breiare lag av folket. Mellom tingarane var lærarar, men òg ein god del bønder. Første året hadde Ferdamannen 550 abonnentar, andre året fall talet til 420.
Bladet inneheldt språkpolitiske stykke, dikt, reiseskildringar, artiklar om nyhende både frå inn- og utland, artiklar om aktuelle spørsmål, om jordbruk og bygdepolitikk. Mellom bidragsytarane finn vi H.E. Berner, Aasta Hansteen, Lars Holst, O.J. Høyem, Kristofer Janson, John Klæbo, Olav Lofthus, Olav Paulson, Hans Ross, Steinar Schjøtt, J.E. Unger og fleire. Georg Grieg las korrektur og sette om stoff, alltid utan å gi seg til kjenne med namn eller signatur.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.