Faktaboks

Fen He

kinesisk: 汾河 Fén hé

Fen He er ei 550 kilometer lang elv i Shanxiprovinsen, Kina. Elva er eit tillaup til Huang He-elva.

Fen He-elva drenerer heile den sentrale delen av Shanxi, blant anna slettelandet omkring provinshovudstaden Taiyuan. Bare den nedste delen av elva (til Houma) er farbar.

I dalen går jernbanen mellom Taiyuan og Xian.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg