Femstein er ein leik der ein nyttar fem små steinar som ein skal kaste opp i lufta og fange etter bestemte reglar. Leiken har ulike lokale namn, mellom anna «munke» og «nappe stein».

Reglar

Ein treng fem små, runde steinar, gjerne rundt 1,5–2 centimeter i diameter. Deltakarane sit i ein ring, og spelaren som skal starte, held éin stein i handa. Dei fire andre ligg på bakken rett framfor spelaren.

1. runde: Spelaren kastar steinen opp i lufta, samtidig som han grip ein stein frå bakken, før han tek imot steinen som er i lufta.

2. runde: Spelaren kastar dei to steinane han no har i handa opp i lufta, grip ein frå bakken, og tek i mot dei to som er i lufta.

3. og 4. runde: No skal ein kaste tre steinar opp i lufta, og gripe den fjerde. Deretter fire steinar i lufta, og gripe den femte.

Spelet blir vanskelegare og vanskelegare for kvar runde. Dersom spelaren mister ein stein, er han ute, og det er neste spelar sin tur til å prøve. I nokre område av landet vart femstein spela med ei lang rekkje «turar», med større og større utfordringar.

Historie

Femstein er ein leik med lange tradisjonar, og er kjend fra mange land. Han er omtalt i Noreg frå slutten av 1800-talet, og var utbreidd over heile landet. I tillegg til femstein vart han kalla spela stein, kjappe stein, sandstein, munke, knaus og tolvstein.

I nokre kystområde nytta ein ørestein frå fisk, også kalla kvan, til å spele med.

Dikt

Femstein har også fått sin plass i lyrikken. I samlinga Under bergfallet frå 1951 har diktaren Olav H. Hauge eit optimistisk dikt med tittelen Femstein.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Stemshaug, Marit og Ola: Dette leika vi med. Norske leiker fra dei eldste tider til vår tid. Samlaget 2004.
  • Enerstvedt, Åse: Tampen brenn. Norske barneleikar. Samlaget 1982.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg