Femfaktormodellen er ein av fleire trekkpsykologiske tilnærmingar innan personlegdomspsykologien. Femfaktormodellen er den leiande moderne vitskaplege tilnærminga, då han empirisk skildrar fem store personlegdomstrekk, som skildrar variasjonen i personlegdomen til eit menneske.

Faktaboks

Etymologi
engelsk ‘dei fem store’
Også kjend som

Big Five, OCEAN

Dei fem faktorane eller store personlegdomstrekka er:

Kvart av desse fem trekka består så av seks underordna, delvis samvarierende og delvis uavhengige fasettar.

Femfaktorteori er teorigrunnlaget som er utvikla rundt den meir empirisk belagde femfaktormodellen.

Den fremste vitskaplege personlegdomstesten for å måle fem personlegdomstrekk er NEO-PI-R.

De fem faktorane

Openheit

Openheit dekkjer grad av intellekt, openheit for idear og erfaringar og dessutan evne til estetisk nyting. Vidare måler det grad av kreativitet og utradisjonelle verdiar. Openheit er som personlegdomstrekk assosiert med intelligens som evne, men intellektuelle personlegdomstrekk og intellektuelle evner er ikkje det same.

Planmessigheit

Grad av planmessigheit måler om individ er meir eller mindre ryddige, ordentlege, organiserte, til å stole på og med høge aspirasjonar. Spesielt innan utveljing av personale (personalseleksjon) og anvend personlegdomspsykologi er dette trekket av interesse, då eigenskapane planmessigheit måler kan føreseia yrkesprestasjonar på tvers av mange område.

Ekstroversjon

Dette trekket skildrar grad av sosiabilitet eller sosial orientering, altså i kva grad ein trivst i og gjerne oppsøkjer sosiale samanhengar, er pratsam og hevdar seg sosialt. Dette trekket måler grad av positive kjensler og interesse for samvær med andre, samstundes som sosial dominans også er ein del av trekket.

Det er viktig å skilje grad av personlegdomstrekket ekstroversjon frå personlegdomstypane ekstrovert og introvert. Trekk måler grad av eigenskapar, medan typar er anten-eller-skildringar. Dei fleste er verken introverte eller ekstroverte typar, men har meir eller mindre av trekket ekstroversjon.

Omgjengelegheit

Dette trekket, som også har vorte kalla medmenneskelegdom på norsk, omfattar grad av sjenerøsitet, tillit, empati, varme og kor imøtekomande ein er, men også fråvær av sosial konkurranse. I den låge enden av skalaen finn ein derfor større grad av fiendtlegheit og sosial konflikt. Internasjonalt er dette eit av dei trekka folk ser på hos partnarar i langtidsforhold.

Nevrotisisme

Dette trekket måler grad av psykisk ubehag, psykisk reaktivitet og vedvarande negative emosjonar, inkludert depressive og engstelege kjensler. Dei som skårar lågt er meir rolege, avslappa og har eit meir stabilt kjensleliv. Dette trekket predikerer i stor grad sårbarheit for psykiske lidingar.

OCEAN

På engelsk er omgrepa Openness, Conscientiousness, Extraversion, Agreeableness, og Neuroticism. I denne rekkjefølgja stavar forbokstavane OCEAN som enkelte brukar for å hugse omgrepa.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (1)

skreiv Elisabeth Farstad

Hei.
Jeg trodde man etter hvert hadde gått over til å endre begrepet nevrotisisme og heller bruke det positivt ladete emosjonell stabilitet. Er ikke det korrekt?

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg