Faktaboks

Innbyggjartal
382 (SSB, 2023)
Landareal
0,6 km²
Tettstadsnummer
5261 Fedje

Fedje er ein tettstad i Fedje kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,6 km², og har 382 innbyggjarar (2023).

Fedje er administrasjonssenter i Fedje kommune. Tettstaden ligg lengst nord på øya Fedje, rundt eit naturlig hamneområde danna av Kyrkjevågen med Sørvågen/Dansevågen i vest og Rognsvågen i aust, og med skjermande småøyar ved innløpet. Tettstaden er avgrensa av Husavatnet i sør.

Tettstaden har fiskemottak og -foredling. På Vidnappen lengst vest i tettstaden ligg Fedje Trafikksentral, ein sentral for overvaking av sjøfarten på Vestlandet, mellom anna lostenesta i Nordhordland og Sogn, og trafikk til Mongstad, Stureterminalen og Troll-feltet i Nordsjøen.

Frå Kyrkjevågen er det ferge til Sævrøyna i Austrheim som har fastlandssamband (Fv. 568).

Kart

Fedje
Fedje
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg