Faktaboks

Innbyggjartal
444 (SSB, 2023)
Landareal
0,5 km²
Tettstadsnummer
4101 Feda
Det er lett å se at sjøen er en viktig vei i Feda.
Det er lett å se at sjøen er en viktig vei i Feda.

Feda er ein tettstad i Kvinesdal kommune i Agder. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,5 km², og har 444 innbyggjarar (2023).

Feda er ein gamal post- og handelsstad i Kvinesdal, på nordsida av Fedafjorden.

Fram til 1960-talet var det ein omfattande produksjon av sildetønner i Feda. Korleis det gikk føre, kan ein i dag sjå i Bøkkerbua eit museum.

Feda kyrkje er ei korskyrkje i tre frå 1802. Ved kyrkja er det eit minnesmerke over Tonette Elisabet Fedde (1850–1921), diakonisse og grunnleggar av fleire sjukehus i USA. Ved skulen er det minnesmerke over forfattaren Sigbjørn Hølmebakk, som var herfrå.

Fedafjorden bru er ei 566 meter lang høgbru på E39 over Fedafjorden, like aust for tettstaden.

Namnet kan anten høyre saman med norrønt fit, 'flat, frodig eng' (ofte ved vatn) eller norrønt feta, 'finne vegen'.

Kart

Feda
Feda
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg