Feda

Artikkelstart

Feda er ein tettstad i Kvinesdal kommune i Agder. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,5 km², og har 386 innbyggjarar (2020).

Faktaboks

Innbyggertall
386 (SSB, 2020)
Landareal
0,5 km² (SSB, 2020) km²
Tettstedsnummer
4101 Feda

Feda er ein gamal strandstad på nordsida av Fedafjorden.

Feda kyrkje er ei korskyrkje i tre frå 1802, minnesmerke over forfattaren Sigbjørn Hølmebakk som var herfrå. Bøkkerverkstad/-museum. Høgbru over Fedafjorden på E39, like aust for tettstaden.

Namnet kan anten høyre saman med norrønt fit, 'flat, frodig eng' (ofte ved vatn) eller norrønt feta, 'finne vegen'.

Kart

Feda
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg