Ekteskap, slik me i moderne tid kjenner det, eksisterte ikkje i det gamle Egypt. Prosessen var enkel, og utan noko kjent seremoni: Ein flytta inn, budde saman, og fekk barn. Den mest vanlege terminologien refererer i all hovudssak til ein aktiv mann, og ei passiv kvinne, og samsvarar slik med teoriar om kvinna som gåve (Levi-Strauss 1949). På den andre sida ser ein at meir kjønnsnøytral terminologi vart vanleg under Det nye riket, og frå Seindynastisk tid (664 – 332 f.v.t.) eksisterer det kjelder som antyder at kvinna også kunne vera den initiativtakande parten (Pestman 1961).

Kjeldene tyder på at ekteskap mellom ulike greinar av same familie var vanlig. Ekteskap mellom søsken var vanleg i gresk-romersk tid (332 f.v.t. – 639 e.v.t.), men med unntak av kongefamilie, er det lite som tyder på at dette var spesielt vanleg under andre tidsperiodar. Visdomslitteraturen seier: «Pass deg for framande kvinner, ei som ingen kjenner…»; «Ikkje la sonen din stifte heim med ei framand kvinne, då vil han forsvinne…»; «Du må ikkje stifte heim med ei kvinne med høgare status enn deg sjølv».

Egyptiske kjærleiksdikt frå Det nye riket representerer ei anna side: «Stemma til min kjære gjer meg sjuk av lengsel. Han bur ved sida av mor sitt hus, men eg kan ikkje gå til han! ... Han kjenner ikkje min kjærleik, for då ville han tatt kontakt med mor. Kjære, eg er lova til deg ved gullet av kvinner! Kom til meg, så eg kan sjå ditt vakre åsyn. Far, mor vil glede seg! Min familie vil ynskja deg velkomen, alle saman. Dei vil elske deg, min kjære!» Slik ser ein at sjølv om endogami, og mannen som den aktive parten, kan ha vore regelen, har kvinner og kjærleik også spelt ei rolle.

Familieeining

Føydalliknande strukturar med sterkt fokus på den utvida familien og eit kollektivt hierarki var vanleg under Det mellomste riket, men Sheila Whale (1989) hevdar at endra familie- og slektskapsterminologi tyder på framvekst av mindre uavhengige sosiale einingar under Det nye riket. Andre har peika på problemstillingar ved fortolkinga av familie- og slektskapsterminologi. Ny forsking frå arbeidarlandsbyen Deir el-Medina kastar nytt lys på denne debatten: Det vert antyda at deler av landsbyen høyrte til bestemte familiar. Slik kan dei sosiale einingane ha vorte mindre, men ikkje uavhengige. Den utvida familien var på det jamne stor: ein mann kunne ha barn med fleire kvinner, og enker, utviklingshemma, gamle, slavar og tenestefolk budde i same hus eller område (Janssen and Janssen 2007). Dei var knyt tett saman gjennom patron-klientliknande forhold.

Barn fullbyrda bandet mellom mann og kvinne, og kjeldene tyder på at idealet var mange barn, jenter såvel som gutar. For dei som ikkje fekk eigne born, var adopsjon eit alternativ. Barn var viktig som arbeidskraft, men fungerte også som eit sikringsnett gjennom gjensidig omsorg og forpliktingar. På den eine sida var barn foreldra sine rettmessige arvingar, og på den andre var det forventa at barn skulle hjelpe ved sjukdom, alderdom og død. Dessutan var det viktig med vedlikehald av minnet om den døde, gjennom kult og årvisse feiringar, som var ein vesentlig del av det sykliske tilværet (som egyptarane var så opptatt av). Ved å ta denne oppgåva på alvor sikra ein den døde eit godt liv etter døden, samtidig som dei døde (og gudane) såg til at det gjekk deg godt i livet.

 

Litteratur

Whale, Sheila, (1989). The Family in the Eightteenth Dynasty of Egypt. Sydney: The  Australian Centre of Egyptology.

McDowell, Andrea G., (2001). Village life in Ancient Egypt. 2 ed. New York: Oxford University Press Inc.

Toivari-Viitala, Jaana, (2001). Women at Deir el-Medina. Leiden: Nederlands Instituut voor het Nabije Oosten.

Janssen, Rosalind M., and Jac. J. Janssen, (2007). Growing up and Getting old in Ancient Egypt. London: Golden House Publications.

 

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål om artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.