Utanom kommunal forvaltning og tenesteyting er jordbruk viktigaste næringsveg, med 21 prosent av arbeidsplassane i kommunen. Jordbruket er svært allsidig. Viktigast er mjølkeproduksjon og sauehald, men svine- og hønseholdet er òg av viktig. Hjelmeland er blant dei viktigaste frukt- og bærdyrkingskommunane i Rogaland, og særleg viktig er epledyrking. Det er elles noko tomatdyrking på øyane i Boknafjorden. Det blir òg drive eit relativt omfattande havbruk fleire stader i kommunen.
Industrien omfattar i alt 18 prosent av arbeidsplassane i Hjelmeland, 27 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon. Industrien blir dominert av næringsmiddelindustri, med 56 prosent av dei tilsette i industrien, i stor grad slakt og foredling av fisk frå havbruksverksemda. Andre viktige bransjar er gummi-, plast- og mineralsk industri (21 prosent, hovudsakleg betongvareindustri basert på lokale førekomstar av sand og grus) og bergverk (ti prosent; sand- og grusuttak i Årdal og steinbrot på Randøy). Elles er Hjelmeland kjent for produksjon av jærstolar, og samla har trelast-, trevare- og møbelindustri seks prosent av sysselsetjinga i industrien.
Hjelmeland har ein del turisttrafikk, særleg i fjellet. Store fjellstrekningar er statsallmenning. Det er hotell i Hjelmelandsvågen
Som følgje av dei store fjellviddene med stor nedbør og bratt fall mot fjorden har Hjelmeland monalege vasskraftressursar. Viktigast er Ulla- og Førre-vassdraga, begge med naturleg avløp til Jøsenfjorden, men som er utbygd ved overføring nordover til Suldalsvassdraget (Ulla–Førre-utbygginga, sjå òg Kvilldal). Det meste av Blåsjø, det viktigaste reguleringsmagasinet for denne utbygginga, og ein av dei største regulerte sjøane i Noreg, ligg i Hjelmeland. Også i sør er det overført vatn frå Hjelmeland til ein nabokommune. Dette gjeld øvre del av Stølselva, som er overført til Lysebotn kraftverk i tidlegare Forsand kommune (no Sandnes). I tillegg er det utbygd 16 vasskraftverk innanfor Hjelmelands grenser. Desse er for det meste svært små, med ein samla maskininstallasjon på 35,5 MW og ein årleg middelproduksjon på 146 GWh (2016).
Av Hjelmeland sine busette arbeidstakarar hadde 21 prosent arbeid utanfor kommunen 2016, og ti prosent på Jæren, av desse fire prosent i Stavanger og to prosent i Sandnes. Vidare hadde seks prosent arbeid i Strand og tre prosent i Suldal.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.