Faktaboks

Også kjend som

Førdesfjorden, Førresfjorden, Førde

Innbyggjartal
3973 (SSB, 2023)
Landareal
2,6 km²
Tettstadsnummer
4691 Førdesfjorden
Førre kyrkje.
Førre kyrkje.

Førre er ein tettstad i Tysvær kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 2,6 km², og har 3973 innbyggjarar (2023).

Tettstaden er eit større bustadområde utbygd særleg frå midten av 1960-åra, og ligg rundt botnen av Førresfjorden, åtte km aust for Haugesund. Tettstaden strekkjer seg frå Førre i vest til Frakkagjerd i aust.

I Førre ligg Førre kyrkje, ein nygotisk trekyrkje frå 1893. der ligg og Arquebus krigshistoriske museum med utstilling om andre verdskrig.

E 134 (DrammenHaugesundHaugesund lufthamn, Karmøy) går gjennom tettstaden.

Kart

Førdesfjorden
Førdesfjorden
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg