Faktaboks

Førde

Førde i Hordaland

Innbyggjartal
363 (SSB, 2022)
Landareal
0,3 km²
Tettstadsnummer
5031 Førde

Førde er ein tettstad i Sveio kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,3 km², og har 363 innbyggjarar (2022).

Førde ligg ved E39 på austsida av Førdespollen i Sunnhordland.

E39/fylkesveg 47 fører frå tettstaden rundt 28 kilometer sørvestover til Haugesund, og bustadområdet har mykje pendling dit.

I tettstaden ligg Førde kyrkje, ei langkyrkje i pussa tegl frå 1938. Ho er ei av tre kyrkjer i Valestrand og Førde sokn.

Kart

Førde
Førde
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg