Faktaboks

Innbyggjartal
2757 (SSB, 2023)
Landareal
3,7 km²
Tettstadsnummer
3603 Evje
Evje kyrkje.
Evje kyrkje.

Evje er ein tettstad i Evje og Hornnes kommune i Agder. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,7 km², og har 2757 innbyggjarar (2023).

Evje er administrasjonssenter i Evje og Hornnes kommune, og ligg ved elva Otra, der fylkesvei 42 (ArendalEgersund) møter riksvei 9 (Kristiansand–Haukeligrend). Tettstaden har variert industri, mellom anna treindustri og båtproduksjon, og eit industrivekstanlegg (SIVA). Feltspatbrôt. Evje er eit viktig handelssenter for Setesdal. Evje kyrkje er bygget i tre og vart oppført i 1891.

Like sør for Evje lå militærleiren Evjemoen fram til 2002. I den gamle militærleiren er det i dag næringspark, kino og kommuneadministrasjonen samt øvings- og skytebane.

Det er ei rekkje sjeldne mineralar i Evje og Hornes og Iveland, i samband med dette er det oppretta ei avdeling av Setesdalsmuseet, Evje og Hornnes Geomuseum. Dette har ei stor mineralsamling, fagbibliotek og utstilling som viser den lokale gruvehistoria, i tillegg til noko av Marie Curies mineralsamling og laboratorieutstyr.

Kart

Evje
Evje
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg