Estin er eit mannsnamn som er dialektform av Øystein med opphav i det norrøne Ey-steinn. I dette toledda namnet tyder forleddet kanskje ‘lykke’. Etterleddet tyder ‘stein’.

Estin har særleg vore brukt i Gudbrandsdalen.

Namnet har fleire variantar: Esten, Estin.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 menn (fødde i Noreg) som hadde Estin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg