Faktaboks

Ernst & Young

EY

Etymologi

etter Alwin og Theodore Ernst og Arthur Young

EYs logo
Av .
Lisens: Falt i det fri

Ernst & Young Global Limited, eller EY, er eit britisk revisjons- og rådgivingskonsern danna i 1989. EY er eit av dei fire store globale selskapa i bransjen («The Big Four») saman med Deloitte, KPMG og PricewaterhouseCooper. Selskapet har sidan 2013 hovudsakleg blitt marknadsført under forkortinga EY.

I 2020 hadde EY ei omsetning på omtrent 37,2 milliardar amerikanske dollar og omtrent 300 000 tilsette. Selskapet har nærvær i omtrent 150 land. Hovudkontoret ligg i London, Storbritannia.

Historie

Ernst & Young blei danna ved samanslutning av konkurrentane Ernst & Whinney og Arthur Young & Co., det siste grunnlagt i USA 1906 av skotske Arthur Young. Ernst & Whinney blei på si side danna i 1979 ved samanslutning av tre selskap, blant anna Ernst & Ernst, som var grunnlagd i USA i 1903 av brørne Alwin og Theodore Ernst. Whinney-namnet stammar frå briten Frederick Whinney, som i 1894 var med å danne rekneskapsfirmaet Whinney, Smith & Whinney.

Selskapet selde i 2000 konsulentverksemda si til franske Capgemini.

EY i Noreg

I Noreg hadde Arthur Young verksemd frå 1959 og blei etablert som eige selskap i 1976. Ernst & Whinney hadde norsk verksemd frå starten 1979. Etter danninga av Ernst & Young i 1989 overtok dette selskapet i 2002 òg den norske aktiviteten til Arthur Andersen og blei Noregs største revisjonsfirma med 30 lokale kontor. Arthur Andersen blei etablert i Noreg i 1957.

EY Noreg har 2300 tilsette ved meir enn 27 kontor landet rundt (2023). Det norske hovudkontoret ligg i Dronning Eufemias gate i Bjørvika i Oslo.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg