Faktaboks

Ernest Hemingway
Ernest Miller Hemingway
Uttale
hˈemingway
Fødd
21. juli 1899, Oak Park, Illinois, USA
Død
2. juli 1961, Ketchum, Idaho, USA
Ernest Hemingway

Ernest Hemingway i Afrika i 1957

Av /NTB Scanpix ※.
Ernest Hemingway
Promobilete i omslaget til For Whom the Bell Tolls, utgitt 1940
Charles Scribner's Sons.

Ernest Hemingway var ein amerikansk forfattar med brei appell i samtida. Han har blitt ståande som ein av dei mest sentrale forfattarane i mellomkrigstida og 1900-talet i det heile. Med Farvel til våpnene skreiv han ein av dei viktigaste romanane om første verdskrigen – ein krig der han deltok og blei såra. I Og solen går sin gang portretterte han etterkrigsgenerasjonen «the lost generation». Klokkene ringer for deg handlar om borgarkrigen i Spania, der han hadde vore korrespondent. Etter suksessen med Den gamle mannen og havet blei han tildelt Nobelprisen i litteratur i 1954.

Hemingway var kjend som ein machoforfattar. Frykta for ikkje å vera nok mannfolk pregar både forfattaren og dei litterære skikkelsane hans. I urørt natur med fiskestong ved ei aureelv, gjerne blant menn utan kvinner, blir det skapt lukkestunder av eit slag som berre kan overgåast av dei utvalde og stolne stundene av rein lukke som kjærleiksmøtet mellom mann og kvinne representerer i bøker som Farvel til våpnene eller Klokkene ringer for deg.

Hemingway er også kjend for å skriva veldig konsentrerte noveller der den knappe dialogen mellom få personar skapte ei meir fortetta stemning og kjensla av djupare meining enn han klarte i romanane. Hemingways skrivemåte blei eit ideal svært mange forfattarar strekte seg etter.

Bakgrunn

Hemingway voks opp i Oak Park, ein forstad til Chicago. Miljøet var konservativt og protestantisk, men også moderne på den måten at dei raskt tok i bruk ny teknologi som elektrisitet, telefon og bil. Familien deltok aktivt i allslags friluftsliv, og jakt og fiske, og livet i naturen er svært viktig i forfattarskapen. Ernest var ein flink og veltilpassa skuleelev, og han var dyktig i baseball og amerikansk fotball. Han fekk trykt sine første tekstar i eit blad som blei gitt ut på skulen, men som 18-åring var han skuletrøytt og heldt ikkje fram til college.

Han var ei kort tid journalistlærling i avisa Kansas City Star før han lét seg verva i det amerikanske Røde Kors til innsats under krigen i Europa. Han reiste med båt frå New York i mai 1918, kom Europa til i juni og blei ambulanseførar ved fronten i Nord-Italia, der han blei såra i juli same år. Omstenda er uklare. At han blei alvorleg såra er heilt klart, og han fekk også medalje for tapperheit. Likevel overtek mytane og legendene for det som verkeleg hende. Tilbake i USA i 1919 var han rik på erfaring som kunne omsetjast i litteratur, og etter kvart blei den dramatiske opplevinga grunnlag for fleire av novellene hans og Farvel til våpnene.

I byrjinga av 1920 var han frilansjournalist i Toronto Star i Canada, men ikkje lenge etter var han i Chicago i eit kunstnarmiljø i storbyen, der han møtte Hadley Richardson, som han gifta seg med. Dei flytta til Paris frå 1922, der han arbeidde som korrespondent. Dei var ein del av eit forfattarmiljø med Ezra Pound, John Dos Passos, Ford Madox Ford, Gertrude Stein og – ikkje minst – James Joyce. Åra i Paris varte frå 1922 til 1928, og det var her Hemingway blei forfattar.

Debut

I 1923 debuterte han med ei tynn samling tekstar, Three Stories and Ten Poems. Hemingways eigentlege debut in our time blei først gitt ut i 170 eksemplar og innehalde skisser og vignettar og små glimt frå krigen. Men det breiare publikummet fekk møta forfattaren først då eit amerikansk forlag gav ut In Our Time i 1925. Dette er ei anna bok enn den tidlegare versjonen, og han består av femten noveller som blir ramma inn av skissene frå den første utgåva. Det er på mange måtar ei oppsiktsvekkjande bok, med ei rekkje meisterlege noveller – ikkje minst dei sju som har Nick Adams i sentrum – bunde saman og kontrasterte for å skapa ekstra meining og skrive i den knappe, røffe, direkte stilen der fysiske objekt og handling dominerer over tanke og kjensleliv.

Den tapte generasjon

Noko av det særeigne ved Hemingways noveller er at dei betyr langt meir enn det som møter oss på overflata. Novellene viser ofte ei tomleikskjensle – ei meiningsløyse som ein kan halda frå livet i korte stunder, til dømes i kjærleiken mellom mann og kvinne. Men også det viser seg å vera problematisk. Dei såra heltane er udyktiggjorde for det sivile livet, nokre også fysisk gjort impotente. Dette blir eitt av mange tema i den kanskje rikaste og djupaste av Hemingways romanar, The Sun Also Rises, for ein stor del skrive i Spania sommaren 1925 og gitt ut i 1926. Mot ein sjølvopplevd bakgrunn av krig og håplaus fredstid blei dei første novellene og romanane til, ikkje minst nettopp Og solen går sin gang, som har blitt ståande som ein generasjonsroman – romanen om «den fortapte generasjonen».

Med sin første roman hadde Hemingway definitivt teke steget frå å skriva korte forteljingar med stor djupn og med eit avgrensa publikum til å skriva romanar som blei oppfatta som lett tilgjengelege og hadde brei appell. Men Hemingway skreiv også vidare i novellesjangeren, og det hende ofte at den sterke konsentrasjonen i novellene skapte ei meir fortetta stemning og kjensla av djupare meining enn det han klarte i romanane. Samlinga Men Without Women kom ut i 1927, og tittelen ber bod om ei mannfolkverd der dei hemingwayske ideala står fram i klartekst.

Hemingway hadde blitt skild, og saman med si andre kone, Pauline Pfeiffer, flytta han til Key West i Florida våren 1928 og busette seg der fast eit par år etterpå. Berre få månader seinare kom meldinga om at Hemingways far hadde teke livet av seg. Psykisk sjukdom, kanskje arveleg, gjorde at faren tok sitt eige liv i 1928. Ernest gav mor si skulda for lagnaden til faren og tilgav henne aldri. Hemingways biografar har lagt stor vekt på forholdet til faren og mora når dei har prøvd å forklara og forstå så vel mennesket som forfattaren.

Hemingway arbeidde då med sin neste roman, og han var heilt ferdig då Pauline og han reiste tilbake til Paris i april 1929. A Farewell to Arms blei gitt ut same år og blei ein uvilkårleg suksess både hos publikum og kritikarar. På mange måtar er dette Hemingways mest reinskorne roman – enkel, direkte og monumental i ein gjennomført struktur, og absolutt i skildringa av vakker kjærleik som likevel ikkje kan anna enn føra til tap og død. Hemingways roman trekkjer direkte på hans eigne erfaringar frå fronten i Nord-Italia og er ein av dei store krigsskildringane i litteraturen – kanskje sjølve romanen om første verdskrigen.

Key West (1931–1939)

Hausten etter ligg neste bok føre, Death in the Afternoon. Pamplona-festivalen er sterkt med i Og solen går sin gang, men i den nye boka trekkjer Hemingway på ti års erfaringar frå festivalen og skriv om fascinasjonen sin ved tyrefektinga, som er ein regelstyrt aktivitet der det er eit absolutt krav å overhalda reglane, om det så kostar deg livet. Det stemmer på mange måtar med dei krava Hemingway elles set til dei fiktive skikkelsane sine, men Døden om ettermiddagen har ein tendens til å romantisera det farlege i sporten, og forfattaren verkar både sjølvbevisst og sjølvgod.

Pauline Pfeiffer kom frå ein rik familie, og ein onkel spanderte i 1933 ein safari i Afrika på henne og ektemannen. Her fekk Hemingway, som no kalla seg «Papa», høve til å prøva ut ferdigheitene sine som jeger og testa motet sitt. Frykta for ikkje å vera nok mannfolk pregar både forfattaren og dei litterære skikkelsane hans. Men Hemingway hadde tapt sitt hjarte til Afrika. Det viser seg tydeleg i boka han skreiv etterpå, Green Hills of Africa (1935). Det er ein heilt ut sjølvbiografisk roman eller ei halvdokumentarisk reisemelding. Her lever han til dei grader opp til ein byrjande myte om seg sjølv og legg nye sider til myten om den maskuline helten og forfattaren.

Hemingways einaste roman plassert i USA kom i 1937, Den ene mot de mange. Den engelske tittelen viser mykje klarare siktemålet med han, To Have and Have Not. Romanen er eit mindre vellukka forsøk på å skriva den boka Hemingway trudde både lesarane og kritikarane ville at han skal skriva, ein hardkokt roman av det sosialrealistiske slaget med ein helt som innser at fellesskap og solidaritet er nødvendig.

Havanna

Hemingways andre ekteskap gjekk i oppløysing på denne tida. Han hadde innleidd eit forhold til Martha Gellhorn, som sjølv var forfattar og krigskorrespondent, og dei gifta seg i november 1940. Men før det hadde Hemingway, saman med henne, gjennomført ei ny flytting, denne gongen til det som verkeleg har blitt den heilage staden i Hemingway-kulten: Finca Vigia utanfor HavannaCuba. I tjue år kom Cuba til å vera Hemingways base for litterær aktivitet, men også for utstrekt havfiske.

På Cuba blir også arbeidet med den store romanen frå den spanske borgarkrigen, For Whom the Bell Tolls, avslutta. Boka kom ut hausten 1940, ikkje lang tid før Franco hadde vunne den endelege sigeren. Venstresida i USA rasa over ei bok som viser trongsyn og egoisme og altfor tydeleg viser at forsøket på kursendring i To Have and Have Not var eit spel. Resten av lesarane, etter kvart ei heil verd, trykte boka til brystet sitt. Saman med debutromanen og Farvel til våpnene er dette Hemingways beste roman, kanskje enklare og grunnare enn den første og mindre klar og konsis enn den andre, men utvilsamt den mest lesarvennlege og vakraste av alle romanane hans. Klokkene ringer for deg er også ei nydeleg kjærleikshistorie og ei helteforteljing som er meir nyansert og kompleks enn før.

Det går mange historier om Hemingways forsøk på å hjelpa til i USAs krigføring frå Cuba, men i all hovudsak er det slik at Hemingway først frå 1944 kjem med i krigen i Europa. Han er med i krigen i eigentleg forstand frå D-dagen og kjem også ut av denne verdskrigen ikkje berre med æra i behald, men med nye dekorasjonar.

I London hadde han treft ho som skulle bli den fjerde og siste kona hans: Mary Welsh. Ho var også journalist, ni år yngre enn Hemingway, og ho blei ei viktig støtte og medspelar gjennom år med veksande alkoholforbruk, depresjonar og sviktande tru på eige talent. Erindringsboka hennar, How it Was, viser gjennom sjølve tittelen behovet for å korrigera myten og rykta. Hemingway og Welsh budde saman på Cuba frå 1945, der Hemingway gjekk i gang med eit romanprosjekt som mislukkast. Først i 1986 kom The Garden of Eden ut. Det er eit sjølvportrett frå yngre år, med intime detaljar om mani og uro, men på ingen måte ein vellukka roman.

Om bøkene hans ikkje freistar, kan ein lesa om Hemingway i store intervju i magasin som Life og The New Yorker, som tener til å sementera myten om Hemingway som helt og mannfolk på sin hals: boksar, jeger, fiskar og krigar. Dei sidene ved han sjølv som han kjempar med gjennom tunge dagar og alkoholslørete netter – einsemd, kjensla av å vera mislukka, depresjonar og sjølvmordstankar – blir undertrykte. Han veit at det som må til, er å skriva, men han maktar det ikkje. Han får likevel gitt ut ein roman i 1950, Across the River and Into the Trees. Det er ei mislukka bok, ein 50-årig oberst sitt sentimentale tilbakeblikk på livet, utløyst av ei 19-årig jente som han forelskar seg i.

Nobelpris

Ernest Hemingway
Hemingway utanfor heimen på Cuba. Biletet er teke i 1954, same år som han fekk Nobelprisen.
Av /Nordiska museet.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Hemingway er i 1950 vel 50 år, men allereie ein gammal mann; ti år seinare ser han eldgammal og trøytt ut. Likevel hadde han alltid skriveprosjekt gåande. Eitt av dei hadde røter tilbake til ein artikkel som Hemingway skreiv for Esquire i 1936 om ein cubansk fiskar som fortvilar over å mista det meste av ein enorm sverdfisk til haiane. Sjølv om han får hjelp av andre fiskarar, mistar han fisken og fell gråtande saman. Med dette utgangspunktet arbeidde Hemingway på eit planlagt storverk, kalla The Sea in Being, men det blei med ein liten, heilstøypt og skarpt sansa og utført roman, Den gamle mannen og havet, i 1952.

Denne boka redda på mange måtar Hemingways karriere. Ettermælet hans ville ha vore eit heilt anna utan denne boka, og forfattarskapen etter 1940 ville vore ei einaste rekkje med mislukka romanar. For Den gamle mannen og havet fekk Hemingway Pulitzer-prisen i 1953, og Nobelprisen i litteratur følgde i 1954. Den blei tildelt for forfattarskapen, men det ville aldri ha skjedd utan historia om uthaldet og motet til den gamle fiskaren.

Forfall

Omtrent på denne tida må han ha arbeidd med manuskriptet til ei bok som først blei gitt ut i 1970, nemleg Øyer i havstrømmen. Han fekk aldri fullført denne romanen på ordentleg vis, mellom anna fordi han under ein safari i Afrika var med på ein flystyrt og deretter flybrann. Skadane var svært omfattande og markerte byrjinga på slutten for Papa Hemingway. Sjølv om han alltid stod oppreist når han skreiv, hadde han store problem med det å skriva. Slik sett er den sjarmerande boka frå unge år i Paris ein fin prestasjon og på sitt vis eit portrett av kunstnaren som ung mann.

A Moveable Feast blei gitt ut først i 1964 av enkja. Boka er skriven i 1959–1960, midt i eit fysisk og psykisk forfall. Han drog også på ein reportasjetur til Spania, som blei ein katastrofe, for no var det slutt på forfattarskapen – og livet. Hemingway og kona drog frå Cuba etter Fidel Castros maktovertaking og busette seg i Ketchum i Idaho. Hemingway var no i fullstendig mental oppløysing med djupe vrangførestillingar, vanvit og sjølvmordsplanar. Den 2. juli 1961 tok han sitt eige liv. Frå då tilhøyrer han historia, men endå meir den uklare verda av mytar og legender. Fleire bøker enn dei som er nemnde ovanfor, er gitt ut etter at han døydde, og dei fleste kunne me klart oss utan.

Etterliv i litteraturhistoria

Hemingway var i uvanleg grad ein diktar i og for si tid. Han har alltid vore ein mykje lesen forfattar, også i Noreg. Han har ikkje blitt del av ein forskingsindustri, slik enkelte av dei samtidige forfattarane hans har blitt, men ei jamn interesse har alltid vore der. Biografiane er mange og grundige, men dei kan umogleg gi eit nokolunde rett eller fyllestgjerande portrett av Hemingway, til det er dei for radikalt ulike. Nærast mennesket Hemingway kjem me kanskje i erindringsboka til sonen Gregory, Papa. A Personal Memoir, der Norman Mailer har skrive eit forord som er ei hyllest til forgjengaren sin.

Den norske utgåva av Hemingways samla verk (1951–1953) var den første i sitt slag i verda.

Eit utval verk

Originaltittel Norsk omsetjing
Three Stories & Ten Poems, 1923
In Our Time, 1925
The Torrents of Spring, 1926
The Sun Also Rises (også kjend som Fiesta), 1926 Og solen går sin gang, 1929
Men Without Women, 1927
A Farewell to Arms, 1929 Farvel til våpnene, 1930
Death in the Afternoon, 1932 Døden om ettermiddagen, 1963
Winner Take Nothing, 1933
Green Hills of Africa, 1935 Afrikas grønne fjell, 1955
To Have and Have Not, 1937 Den ene mot de mange, 1938
The Fifth Column and the First Forty-Nine Stories, 1938
For Whom the Bell Tolls, 1940 Klokkene ringer for deg, 1946
Across the River and Into the Trees, 1950 Over floden og inn i skogene, 1946
The Old Man and the Sea, 1952 Den gamle mannen og havet, 1952
A Moveable Feast, 1964 En varig fest, 1964
Islands in the Stream, 1970 Øyer i havstrømmen, 1971
The Nick Adams Stories, 1972 Nick Adams-historiene, 2000
88 Poems, 1979
The Dangerous Summer, 1985
The Garden of Eden, 1986 Edens hage, 1987

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Baker, Carlos: Ernest Hemingway : historien om hans liv, 1970.
  • Donaldson, Scott, red.: The Cambridge companion to Hemingway, 1996, isbn 0-521-45574-x.
  • Donaldson, Scott: By force of will : the life and art of Ernest Hemingway, 1977, isbn 0-670-19824-2.
  • Meyers, Jeffrey: Hemingway : a biography, 1985, isbn 0-06-015437-3.
  • Reynolds, Michael S.: Hemingway : the 1930s, 1997, isbn 0-393-04093-3.
  • Reynolds, Michael S.: Hemingway : the American homecoming, 1992, isbn 0-631-18481-3.
  • Reynolds, Michael S.: Hemingway : the final years, 1999, isbn 0-393-32047-2.
  • Reynolds, Michael S.: Hemingway : the Paris years, 1989, isbn 0-631-15352-7
  • Reynolds, Michael S.: The young Hemingway, 1986, isbn 0-631-14787-x.

Kommentarar (1)

skreiv Roger Pihl

Lenken til Nobelstiftelsen virker ikke.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg