Faktaboks

Ernest Jones

Alfred Ernest Jones

Uttale
dʒounz
Fødd
1. januar 1879, Gowerton, Wales
Død
11. februar 1958, London, England

Ernest Jones var ein britisk psykoanalytikar. Jones kom tidleg med i krinsen kring Sigmund Freud, og gjorde ein pionerinnsats når det gjaldt å spreie kjennskap til psykoanalysen i den engelsktalande verda.

Mest kjent er han for den monumentale og grunnleggjande biografien The Life and Work of Sigmund Freud (tre bind, gitt ut 1953–1957).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg