Faktaboks

Erling Folkvord
Fødd
15. juni 1949, Levanger, Trøndelag
Erling Folkvord (2015)
Erling Folkvord (2015).
Av /Raudt.
Lisens: CC BY 2.0

Erling Folkvord er politikar og miljøarbeidar. Han er den einaste som har representert det tidlegare partiet Raud Valallianse (RV) på Stortinget. Gjennom eit sterkt engasjement har han oppnådd å verte høgt respektert også av mange politiske meiningsmotstandarar.

Folkvord er fødd i Levanger. Han har utdanning som sosionom ved Sosialskolen i Trondheim frå 1974 og arbeidde som sosialfullmektig i Oslo 1974–1977, som verneassistent 1977–1988 og seinare som miljøarbeidar.

Han har vore politisk aktiv på venstresida sidan 1960-åra og gjekk med i ml-rørsla frå starten i 1972. Frå 1990 til 1997 var han nestleiar i Arbeidernes Kommunistparti (AKP). I 1984–1985 og 1999–2011 var han bystyremedlem i Oslo for Raudt (tidlegare Raud Valallianse (RV)). I 1993 til 1997 var han stortingsrepresentant for RV.

Folkvord sitt engasjement spenner breitt radikalt. Han har ikkje minst vore oppteken av å avsløre korrupsjon og maktmisbruk, noko han tok opp i boka Rapport frå rottereiret (1990). I 2003–2005 var han leiar for Organisasjonen mot politisk overvaking (OPO).

Folkvord har skrive og redigert ei rekkje politiske bøker og hefte og er ein flittig skribent i ulike aviser.

Les meir i Store norske leksikon

Erling Folkvord
Erling Folkvord rundt 1993–1997.
Av /Stortingsarkivet.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg