Faktaboks

Erling Folkvord
Fødd
15. juni 1949, Levanger, Trøndelag
Død
1. mars 2024, Stockholm
Erling Folkvord (2015)
Erling Folkvord (2015).
Av /Raudt.
Lisens: CC BY 2.0

Erling Folkvord var ein norsk politikar (AKP, RV, Raudt) og miljøarbeidar. Han er den einaste som har representert partiet Raud Valallianse (RV) på Stortinget i perioden 1993–1997. Han var medlem av Oslo bystyre 1984–1995 og 1999–2011.

Folkvord var fødd i Levanger. Han hadde utdanning som sosionom ved Sosialskolen i Trondheim frå 1974 og arbeidde som sosialfullmektig i Oslo 1974–1977, som verneassistent 1977–1988 og seinare som miljøarbeidar.

Han var politisk aktiv på venstresida sidan 1960-åra og gjekk med i ml-rørsla frå starten i 1972. Frå 1990 til 1997 var han nestleiar i Arbeidernes Kommunistparti (AKP), som var del av Raud Valallianse (RV), seinare Raudt. Frå 1993 til 1997 var han stortingsrepresentant for Oslo.

Folkvord sitt engasjement spant breitt radikalt. Han var ikkje minst oppteken av å avsløre korrupsjon og maktmisbruk, noko han tok opp i fleire bøker. I perioden 2003–2005 var han leiar for Organisasjonen mot politisk overvaking (OPO). Han hadde også eit sterkt engasjement for kurdarane og palestinarane.

Gjennom eit sterkt engasjement oppnådde han å verte høgt respektert også av mange politiske meiningsmotstandarar.

Publikasjonar

Folkvord har skrive og redigert ei rekkje politiske bøker og hefte og var ein flittig skribent i ulike aviser.

Blant hans publikasjonar er:

  • Det store pensjonistranet og andre fortellinger – hverdagskrim fra Oslo rådhus (1987)
  • Rapport frå rottereiret korrupsjon i Norge (1990)
  • Sannheta om boblebadet korrupsjon i Norge (1991, med Espen Mathisen)
  • Rødt! På barrikadene for AKP og RV (1998)
  • Vår korrupte hovedstad (2011)
  • Kurdistan i Golfkrigens skygge (1999, med Espen Løkeland Stai og Arnljot Ask)
  • Kurdistan – om fortid, folk og framtid (2002, med Veronica Melå)
  • Rojava!: Kurderne i kamp for ei framtid utan Assad, Erdoğan og Daesh (2016).

Les meir i Store norske leksikon

Erling Folkvord
Erling Folkvord rundt 1993–1997.
Av /Stortingsarkivet.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg