Erlend Nødtvedt

Artikkelstart

Erlend Nødtvedt er ein norsk poet poet som kombinerer nye og gamle språkformer. Særleg dei lydlege og rytmiske kvalitetane gir eigenart til Nødtvedts poesi.

Bakgrunn

Erlend Ottesen Nødtvedt er oppvaksen i Fyllingsdalen i Bergen. Han har teke årsstudiet ved Skrivekunstakademiet i Bergen (2006–07), og i 2012 tok han mastergraden i nordisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen, med ei oppgåve om Kristofer Uppdals dikt-trilogi Kulten (1947). Nødtvedt har sidan 2011 arbeidd som litteraturformidlar ved Bergen Offentlige Bibliotek.

Nødtvedt har vore redaksjonsmedlem i litteraturtidsskriftet Vagant (2008–13). På scena har han samarbeidd med ei rekkje musikarar, til dømes Sigbjørn Apeland, Nils Økland og Benedicte Maurseth.

Forfattarskap

Debuten Harudes (2008) er eit langdikt om Hordaland fylke. Nødtvedt kryssar norrønt, nynorsk og bokmål, klipper og limer og tilfører nylaga ord og vendingar. Slik skaper han forunderlege dikt – både inderlege og ironiske – i eit lydmålande språk.

Med Bergens beskrivelse (2011) blir denne særeigne heimstaddiktinga sirkla innover mot Bergen by. Fortid og notid synest å vere parallelle, og tidsopplevinga verkar underleggjerande. Dei ulike stilnivåa gjer også at høgt og lågt flyt saman. Der Harudes hovudsakleg vender seg mot naturen, skildrar Bergens beskrivelse klassesamfunnet i Bergen, og særleg den bergenske kremmarånda får gjennomgå.

I Trollsuiten (2014) vender Nødtvedt blikket utover og omfamnar heile det vidstrekte norske natur- og kulturlandskapet. Gjennom Nødtvedt sitt grensesprengjande språk stig naturmytar og folkesegner – nykken, tussar og troll – fram i nytt lys. I bakgrunnen av Trollsuiten lurer Arne Garborgs Haugtussa, og mange av dikta samtaler òg eksplisitt med diktaren Olav Nygard (1884–1924), særleg med dikta i samlinga Ved vebande (1923). I 2017 gav han ut sin første roman, Vestlandet.

Prisar

  • I 2008 fekk Nødtvedt Ung Poesi-prisen for debutboka Harudes.
  • I 2011 gav Natt & Dag han Bergensprisen for Bergens beskrivelse.
  • 2012 fekk han Bjørnsonstipendet under Bjørnsonfestivalen i Molde.
  • I 2015 vart Nødtvedt kåra av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival til ein av dei ti beste forfattarane under 35 år.
  • I 2018 blei han tildelt Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar.
  • I 2020 fekk han Mads Wiel Nygaards legat.

Utmerkingar

  • 2008 Ung Poesi-prisen for debutboka Harudes.
  • 2011 Natt & Dags Bergensprisen for Bergens beskrivelse.
  • 2012 Bjørnsonstipendet under Bjørnsonfestivalen i Molde.
  • 2015 kåra av Morgenbladet og Norsk Litteraturfestival til ein av dei ti beste forfattarane under 35 år. I 2018 blei han tildelt Olav H. Hauge-stipendet for unge diktarar. I 2020 fekk han Mads Wiel Nygaards legat.

Litteratur

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg