EpiPen
EpiPen
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Adrenalin autoinjektor er samleuttrykket for adrenalinsprøyter (adrenalinpenn) som er klargjort for bruk av pasienten sjølv eller andre utan medisinsk opplæring. Adrenalin autoinjektorar skal brukast ved symptom på alvorleg allergisk reaksjon (anafylaksi) mot insektgift (bi- eller kvefsestikk), matvarer, legemiddel og andre allergen, og ved såkalla idiopatisk eller anstrengelsesutløyst anafylaksi.

Pasientar med risiko for alvorleg anafylaktisk reaksjon bør utstyrast med adrenalin autoinjektor som dei alltid skal ha med seg. Ein bør ikkje vente med å bruke adrenalin autoinjektoren dersom symptoma er tydelege – tidsfaktoren er svært viktig og tidleg behandling kan vere avgjerande for å redde liv.

Det finnast tre liknande preparat på marknaden, EpiPen, Jext og Emerade. Adrenalin er forbode etter WADAs dopingliste.

Bruk av Adrenalin autoinjektor

  1. Ta pennen ut av transporthylsa.
  2. Ta av sikringa/toppen. Pennen er då klar til bruk.
  3. Hald pennen mot midten av låret (cirka 10 centimeter frå utsida av låret – nåla er ikkje synleg).
  4. Støyt pennen inn mot låret – nåla vil gå gjennom kleda, men ein må unngå å treffe noko hardt (glidelås, knappar, lommeinnhald, tjukke saumar). Injeksjonen skjer då automatisk inn i muskelen. Adrenalin autoinjektorar har ingen knapp du må trykke på. Trykk adrenalin autoinjektoren fast inn mot låret i 10-12 sekund før du dreg sprøyta ut – hylsa vil skjule nåla. Masser stikkstaden – dette hjelper til å få adrenalinet raskare over i blodet.
  5. Ring 113, sei ordet anafylaksi, gje opplysningane du blir spurt om. Pasienten skal ligge, helst med beina heva om det er praktisk. Legg pasienten i stabilt sideleie dersom bevisstlaus. Berre ved pustevanskar skal pasienten sitte opp. Det er viktig at pasienten ikkje får reise seg, også om ho/han skulle føle seg bra.

Nokon har fått utlevert fleire sprøytar, da skal sprøyte nummer to skal settast etter 5–15 minutt dersom det framleis er alvorlege symptom. Sprøytene kan ikkje brukast om att.

Alvorlege allergiske reaksjonar kan komme i fleire bølgjer med tilsynelatande betring i mellom. Bølgje nummer to kan komme innan 30 minutt, vanlegare 2–4 timar og i sjeldne tilfellar opptil 6–8(–12) timar etter første reaksjon. Ved alvorleg reaksjon er det derfor viktig å observere pasienten lenge nok, og å ha beredskap for å møte ei eventuell bølgje nummer to.

EpiPen og Jext kjem i to styrkar, en på 300 mikrogram for vaksne og store barn over 30 kg, ein på 150 mikrogram for barn mellom 15 og 30 kg. Emerade kjem i tre styrkar, 150, 300 og 500 mikrogram.Anbefalt akutt dose ved anafylaksi er 500 mikrogram adrenalin for barn over 30kg og vaksne, men erfaringa visar at de 300 mikrogram som er i Jext og EpiPen oftast er nok til å behandle den akutte allergiske reaksjon. Dosen på 300mikrogram i Jext og EpiPen er grunnen til at de fleste får resept på to adrenalin autoinjektorar. Bruk av adrealin autoinjektor på mindre barn enn 15 kg bør helst vurderast av lege, og i høve til kor alvorleg situasjonen er.

Ein må ha resept for å kjøpe adrenalin autoinjektor. Ved flyreiser er det ein fordel å ha med attest frå legen. Adrenalin autoinjektorar kan vere svært dyre i utlandet, og risikoen for alvorleg allergisk reaksjon mot til dømes mat er større – også av den grunn må adrenalin autoinjektorar ikkje bli gløymt heime når ein skal ut på reise.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Anne Cathrine Fjeld Hermansen

Jeg har forsøkt å finne ut av om adrenalinet i EpiPen-en er syntetisk eller om det er utvunnet av organisk materiale. Vanligvis er hormoner syntestisk framstilt. Det står ingenting om opprinnelsen i Felleskatalogen eller i preparatomtaler. Takknemlig for avklaring!

svarte Håvard Ringsevjen

Hei, takk for din kommentar. Det er vanskelig å finne informasjon om akkurat produksjonen av EpiPen, men det er naturlig å tro at adrenalinet som brukes her er syntetisk fremstilt.
Mvh Håvard i redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg