Engelbert er eit toledda tysk mannsnamn: Engel-bert. Forleddet tyder ‘anglar (folkestammen)’ og etterleddet ‘lysande’.
Anglarane budde på 400-talet i det området som i dag er Schleswig. I løpet av 400-talet utvandra anglarane til England. Forleddet Engel- har seinare vorte assosiert med ordet engel.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.