. begrenset

Encarnación, er hovudstad i fylket Itapúa i det søraustlege Paraguay, 300 km frå Paraguay sin hovudstad Asunción. Byen har 98 100 innbyggarar (2002), og areal på 558 km2. Byen ligg ved Río Paraná, og har hatt forbindelse med bru over til Posadas i Argentina sidan 1987. Encarnación er eit viktig handelssenter og hamneby, med utskiping av tømmer, bomull, tobakk, mais, ris, kveg og skinn. Samstundes er byen også eit turistmål då den ikkje ligg langt frå jesuittruinane La Santísima Trinidad de Paraná og Misión jesuítica de Jesús de Tavarangué, som har vore på UNESCOs verdsarvliste sidan 1993.

Byen blei grunnlagt som misjonsstasjon på 1600-talet av Jesuittar, og heitte tidligare Itapúa. Den fekk ein viktigare posisjon i landet då jernbanen kom i 1854. Encarnación er også fødebyen til diktator i Paraguay mellom 1954 og 1989, Alfredo Stroessner. I seinare tid var Encarnación sentral for vasskraftprosjektet Yacyretá, eit fellesprosjekt mellom Paraguay og Argentina.

Foreslå endringer i tekst

Foreslå bilder til artikkelen

Kommentarer

Har du spørsmål til artikkelen? Skriv her, så får du svar fra fagansvarlig eller redaktør.

Du må være logget inn for å kommentere.