Emilie er eit kvinnenamn – som til liks med mannsnamnet Emil – har opphav i det romerske slektsnamnet Aemil-ius/-ia som er laga til latin aemulus med tydinga ‘ivrig’. Namnet kan også vere avleidd av mannsnamnet Emil.

Namnet har fleire variantar: Emilia, Emilie.

Namnedag er 23. januar. Emil og Emma har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Emilie

Eit utval personar med namnet Emilie, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 11 506 kvinner i Noreg som hadde Emilie som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Emilie var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 243 jenter som fekk namnet Emilie, og det var blant dei 20 mest populære jentenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Kvinnenamn på -ia og -ie – og med tre eller fire stavingar – har vore på topp rundt år 2000. I tillegg til Emilie og Emilia gjeld dette til dømes Amelie, Cornelia, Julia, Julie, Lydia, Maria, Marie, Nat(h)alie, Olivia, Sofia, Sofie og Viktoria. Dessutan var Emilie – i motsetning til Emilia – også ein del brukt på 1800-talet. Mot slutten av 1900-t fekk begge variantane eit kraftig oppsving. Emilie har ein kurveprofil som liknar på mange av kvinnenamna på -e. Sidan år 1900 har Emilie vore brukt 10 gongar meir enn Emilia.

Utvikling i bruk av namnet Emilie frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Emilie frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Emilie på 1800-talet.

Emilie var mest brukt i Østfold og Kristiania.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Emilie på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Emilie var mest brukt i Østfold og Kristiania.

Historisk bruk av namnet Emilie
Historisk bruk av namnet Emilie
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg