Emilia er eit kvinnenamn som kan vere avleidd av mannsnamnet Emil. Emilia kan også gå tilbake til det romerske slektsnamnet Aemil-ius/-ia som er laga til latin aemulus med tydinga ‘ivrig’.

Namnet har fleire variantar: Emilia, Emilie.

Kjende personar med namnet Emilia

Eit utval personar med namnet Emilia, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 950 kvinner i Noreg som hadde Emilia som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 92 jenter som fekk namnet Emilia.

Utvikling i bruk av namnet

Kvinnenamn på -ia og -ie – og med tre eller fire stavingar – har vore på topp rundt år 2000. I tillegg til Emilia og Emilie gjeld dette til dømes Amelie, Cornelia, Julia, Julie, Lydia, Maria, Marie, Nat(h)alie, Olivia, Sofia, Sofie og Viktoria. Dessutan var Emilie – i motsetning til Emilia – også ein del brukt på 1800-talet. Mot slutten av 1900-t fekk begge variantane eit kraftig oppsving. Emilie har ein kurveprofil som liknar på mange av kvinnenamna på -e. Sidan år 1900 har Emilie vore brukt 10 gongar meir enn Emilia.

Utvikling i bruk av namnet Emilia frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Emilia frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Emilia på 1800-talet.

Emilia var klart mest brukt i Bergen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Emilia på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Emilia var klart mest brukt i Bergen.

Historisk bruk av namnet Emilia
Historisk bruk av namnet Emilia
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg