Elvine

Artikkelstart

Elvine er eit kvinnenamn som kan forklarast på fleire måtar: 1. Namnet er avleidd av mannsnamnet Ellev (i nokre tilfelle også av Elvin). 2. Samantrekt form av Ellevine. 3. Nummernamn, altså barn nummer 11. Andre namn av denne typen er Tolvine og Dusine.

Namnet har fleire variantar: Elvina, Elvine.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 250 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Elvine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Elvine i perioden 1900–2017, var det 74 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Elvine. Dette inneber at 26 prosent hadde Elvine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg