Elma er eit kvinnenamn som kan vere kortform av Wilhelma eller samantrekt form av eit dobbeltnamn, til dømes Ellen Maria.

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, kan ha vore Elma Fürst fødd 1834 i Risør, busett i Bamble i 1865. Ho var døypt Elen Marie, og det er usikkert når kortforma Elma av dobbeltnamnet hennar Elen Marie vart tatt i bruk.

Namnestatistikk

I 2022 var det 243 kvinner i Noreg som hadde Elma som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 18 jenter som fekk namnet Elma.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Elma frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Elma frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg