Ellingsøya er ei langstrekt øy i Ålesund kommune, Møre og Romsdal, nordaust for bysenteret. Øya dekker 28 kvadratkilomneter og har 2546 innbyggarar (2015).
Ellingsøya strekker seg om lag 16 km aust–vest mellom Ellingsøyfjorden i sør og Grytafjorden i nord, og er skilt frå fastlandet i aust av det smale Taftasundet. Det er bru over sundet og undersjøiske vegtunellar til Ålesund sentrum og Valderøya (Fylkesveg 658), sjå Vigrasambandet. Øya har blant anna fiske- og verkstadindustri.
Øya har tre tettstader langsetter sørsida, Hoffland, Årset og Myklebost.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.