Faktaboks

Elisabeth Røbekk Nørve
Fødd
29. mars 1951, Borgund

Elisabeth Røbekk Nørve er ein norsk politikar frå Høgre. Ho arbeidde som interiørkonsulent frå 1998 til 2001. Frå 2005 til 2007 var ho rådgivar ved NHO Møre og Romsdal. Ho var leiar av Ålesund Høgre 1995–1998. Nørve var medlem av Ålesund kommunestyre 1995-2007 og av Møre og Romsdal fylkesting 1995-2003. Ho var vararepresentant til Stortinget 1997–2001 og 2005–2007.

Elisabeth Røbekk Nørve var stortingsrepresentant for Møre og Romsdal i periodane 2001–2005 og 2009–2017. Ho mista mandatet ved valet i 2005, men blei igjen fast stortingsrepresentant då Petter Løvik døydde i 2007. Ho blei attvald i 2009 og 2013. Ho stilte ikkje til attval i 2017.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg