Elin Furubotn

Faktaboks

Elin Furubotn
Født
1. januar 1963, Tydal, Trøndelag
Av /flickr.com.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Artikkelstart

Elin Furubotn er ein norsk artist og komponist som på rogalandsdialekt syng låtar som handlar om familierelasjonar og kvardagsliv.

Bakgrunn

Elin Furubotn er fødd i Tydal i Sør-Trøndelag (no Trøndelag). Ho er utdanna sjukepleiar og har òg arbeidd som lærar. Sidan 2008 har ho vore musikar på heiltid.

Musikkarrieren

Musikken til Furubotn høyrer til visesjangeren, men det er òg mange element av populærmusikk i songane hennar. Tekstane er kvardagslege og handlar om det nære vi har omkring oss – familien og det daglege vi møter i nærmiljøet vårt. Furubotn syng på rogalandsdialekt.

I ungdomen var Furubotn med i gruppa Søstrene Furubotn, og ho danna Elin Furubotn Band i byrjinga av 1990-åra. Furubotn kom på tiandeplass i den norske finalen i Melodi Grand Prix i 1994 med songen «Mor». I 1999 gav ho ut debutalbumet Tikk Takk. På albumet Å nærme seg det nære (2014) har ho med seg Stavanger Symfoniorkester. Mange av låtane hennar, som «I det stille» (2009), «Slepp tvilen fri» (2012) og duetten med Morten Abel, «Så lett det kan ver» (2014), har vore mykje spela i norsk radio. I 2017 gav ho ut albumet Ikkje Gå Deg Vill.

Utmerkingar

For albumet Heilt Nye Vei fekk Furubotn den amerikanske prisen Indie Acoustic Project Best CD i 2012 for beste album i klassa rock. Prisen skal støtte opp under nyskapande artistar som lagar akustisk musikk.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg